Næringsliv | 06. des. 2016

Utviding på Moberg gjennom vinteren

Kiwi Moberg blir 200 kvadratmeter større - men opnar ikkje før jul.

Utviding på Moberg gjennom vinteren
Nabotomta blei kjøpt i februar, i juni blei bustaden riven. Opning av utvida butikk blir mars 2017. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. des. 2016 12:04

Mens Norgesgruppen førebur opning av ny Kiwi på den gamle butikktomta på Haugsneset går arbeidet med utviding på Moberg for fullt.

Det var i februar dei (Stamkunde AS) kjøpte nabotomta, med ein einebustad som blei riven i sommar (bildet), og då kunne det sjå ut som om det kunne bli opning i desember i år.

– Entreprenøren byrjar arbeida med utviding av butikk og parkering igjen etter juleferien, og opning av ny, utvida og flott butikk med utvida kundeparkering vil bli i mars 2017, seier regionssjef Jan Olav Mjøs.

200 kvadratmeter større

Tilbygget blir på 200 kvadratmeter, der det meste er nytt salsareal.

– Dette vil gi ei betre opplevelse for både tilsette og kundar. Slik butikken har vakse dei siste åra, er ei utviding svært etterlengta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.