Lokal | 15. jan. 2018

Velta tre stenger gangveg langs E39

Fleire tynne trestammer har tatt med seg ein leidning i fallet.

Velta tre stenger gangveg langs E39
Treet stikk delvis ut i veglomma på E39 Byvegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 15. jan. 2018 12:53

Bildeserie:

1 av 3

Fleire tynne tre har velta langs E39 ved Storestraumen på Søfteland, nokre av dei stenger gangvegen.

Trea har òg tatt med seg ein leidning, men denne ser ut til å vera like heil, og er festa til ein lyktestope med teip.

Ifølgje BKK si side for feilmelding skal det ikkje vera straumbrot i området.

Stiv kuling har prega Vestlandet det siste døgnet, og blant anna skapt store bølger i Os hamn.

Men så langt skal vinden ikkje ha ført til særleg med skader.

• Les òg: Bur i båten - fekk ei spennande natt

Os brannvesen fekk ingen oppringingar natt til måndag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.