Sport | 04. feb. 2017

– Vi har eit godt stykke igjen

Os tapte stort i treningskamp mot Fyllingsdalen laurdag.

– Vi har eit godt stykke igjen
Hassan El Fakiri (t.h.) på treningsfeltet, her i februar i fjor. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 04. feb. 2017 15:23

Os spelte treningskamp på bortebane mot Fyllingsdalen i dag.

Fyllingsdalen, som tok 5 poeng meir enn Lysekloster i PostNord-serien i fjor, landa på 8. plass og rykte ned til same avdeling som Os speler i komande sesongen.

– Dei blei god læring. Det var ein tøff kamp og vi var ikkje i nærleiken av der vi skal vera før sesongstart, seier Os-trenar Hassan El Fakiri.

Os hadde Thomas Fosen gjennom, og forbi keeper, og Anders Havsgård åleine gjennom, men klarte ikkje å skåra.

– Fyllingsdalen var betre enn oss i det meste. Dei vann duellane og dei straffa oss hardt då vi prøvde å spela oss ut bakfrå. To-tre av måla kom på slurv av oss.

Fyllingsdalen - Os 5-0 (2-0)
Os: Anders Fossen Lunde - Endre Brenne, Adrian Valle, Divaldo Cardoso, Knut Spangelo Haga - Hassan El Fakiri, Torgeir Lunde, Thomas Lunde Fosen - Øystein Takle Eide, Ole Martin Kolskogen og Enrique Crespo Søvik.
Innbytarar med speletid: Glenn Krossøy, Steffen Ljosheim, Fabian Bødtker, Anders Havsgård, Fredrik Haustein og Glenn Hjelle.

Også i februar i fjor tapte Os første treningskamp mot Fyllingsdalen, då blei det 0-3. Men nokre veker seinare blei det 1-1 mellom same lag.

Os har no spelt tre treningskampar (3-4 for Brann 2, 0-2-tap for Haugesund 2).

Neste treningskamp går mot Fana i Vestlandshallen laurdag om ei veke (kl 12.15).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.