Lokal | 04. des. 2016

Vil ha sonen sin drapsmann ut av fengsel

Vårt lille land: I 1992 blei osingen Yngve Køhler Raustein drept med kniv i USA. I kveld viser TV2 eit intervju med mora Inghild og broren Dan-Jarle (bildet).

Vil ha sonen sin drapsmann ut av fengsel
Dan-Jarle (bildet) sin bror Yngve blei drepen i USA. I kveld snakkar han og mora Inghild om dei drapsdømte på TV2. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 04. des. 2016 11:40

Bildeserie:

Yngve var eit skulelys og studerte romfartsteknologi då han blei angripe.
Yngve var eit skulelys og studerte romfartsteknologi då han blei angripe.
I USA har erklæringa frå familien vekt merksemd.
I USA har erklæringa frå familien vekt merksemd.
1 av 2
Yngve var eit skulelys og studerte romfartsteknologi då han blei angripe.
I USA har erklæringa frå familien vekt merksemd.

Fredag 18. september 1992, ein månad før han ville fylt 22 år, blei osingen Yngve Køhler Raustein drepen i Cambridge, nabobyen til Boston, i USA.

Yngve studerte romfartsteknologi ved Massachusetts Institute of Technology (MIT). Han og kameraten blei angripen av tre studentar frå ein annan skule då osingen blei stukken med kniv. Femten år gamle Shon McHugh blei dømt for drapet.

I kveld (kl 22:15) fortel TV2-programmet Vårt lille land om drapet, og om mora Inghild sin reaksjon og tankar om dei drapsdømte.

Skreiv brev til USA

Både Yngve sin bror, Dan-Jarle, og mora Inghild, seier til TV2 at dei ønskjer at den drapsdømte no skal gå fri. Dei har òg skrive brev til den amerikansk påtalemakta med ei erklæring der dei støttar prøvelauslating.

Han som sto for sjølve drapshandlinga fekk berre 10 år fengsel, då han var mindreårig. Ein 17-åring som slo Yngve ned før han blei stukken med kniv, fekk livstid.

Erklæringa frå familien vekker merksemd i USA.

Avslutta minnefond

I Os blei det oppretta eit minnefond etter Yngve Køhler Rausten.

I januar 2015 blei dette avslutta og dei siste 150.000 kronene blei delte ut.

Les òg: Fann Yngve sin stein mellom to Kennedyar

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.