Sport | 15. sep. 2012

0-1 blei 6-2

Lysekloster sleit med å skåra i første omgang, men tok som venta ein grei siger over Laksevåg. I dag og i morgen er det fleire heimekampar i Os.

0-1 blei 6-2
Kim Krogsethagen utlikna, Øyvind Olsen (bildet) skåra også, men ikkje på dette skotet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 15. sep. 2012 07:59

Fredag spelte Lysekloster sitt førstelag heime mot Laksevåg. Serieleiaren Lysekloster vann bortekampen mot Laksevåg 6-1, i går var det gjestane som tok leiinga.

0-1 kom på ein overgang i ein periode der Lysekloster produserte mange sjansar.

– Vi var ikkje aggressive nok i avslutningsfasen, meiner trenar Ørjan Sandal.

Lysekloster utlikna ved Kim Krogsethagen og 1-1 sto seg til pause.

– I andre omgang kom det seg, vi fekk tempoet opp også i sluttfasen av angrepet, det blei fleire sjansar og fleire mål.

Det blei delt ut ein del gule kort i kampen. Ein Laksevåg-spelar fekk to og måtte stå over siste del av kampen.

Lysekloster - Laksevåg 6-2 (1-1)
Målskårarar: Johannes Jordal 2, Baste Jonassen, Kim Krogsethagen, Øyvind Olsen og Morten Sætre

Lysekloster: Ole Kristian Olsen, Andreas Fosse, Kim Krogsethagen, Steffen Finsådal, Steffen Vindal, Frode Buvik, Baste Jonassen, Johannes Jordal, Christian Almeland, Øyvind Olsen og Thomas Greipsland.

Innbytarar med speletid: Preben Skorpen, Morten Sætre og Jan Even Frøyset

Fleire heimekampar i helga

Os speler bortekamp mot Haugesund 2 måndag, Os 2 speler borte mot Rosendal i dag.

Men fleire andre lag i Os har heimekampar denne helga:

Laurdag
13.00 Lysekloster 2 - Nubben (6. div avd 1)
13.00 Nore Neset - Milde (6. div avd 1)

Søndag
16.00 Os - Rosendal (dame)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.