Noko for deg?

Midtsiden.no har vore i positiv vekst den siste tida, og har frå 2022 òg kvalifisert for produksjonstilskot (pressestøtte).

Det gir rom for etterlengta utviding av redaksjonen.

Vil du vera med på å gjera lokalavisa Midtsiden endå betre?

Ledige stillinger

(publisert 23. november 2023)

Journalist, 100 % fast
Journalist, deltid*

*vi ser etter éin til to journalistar (avhengig av kven som søkjer) som anten er allsidige eller som spesialiserar seg innan politikk og/eller næringsliv.

For å søkja bør du vera ein som:

  • Har relevant erfaring og/eller utdanning
  • Skriv nynorsk
  • Evnar å jobba effektivt, men også til å setja deg godt inn i krevjande saker
  • Tar gode bilde, og gjerne også har erfaring med videoproduksjon
  • Er engasjert, med eigne idear og auge for interessante tema
  • Har førarkort og disponerer eige køyretøy

Det er òg ein fordel om du kjenner Os godt eller har erfaring frå lokalavis.

Legg ved nokre arbeidsprøvar og minst to referansar.

Søknadsfrist: Snarast
Send søknad til kjetil@midtsiden.no

Kontaktinformasjon
Har du spørsmål om stillinga? Ta kontakt med:
Kjetil Vasby Bruarøy, redaktør og dagleg leiar, tlf: 907 89 270

Om Midtsiden

Sidan 2001 har Midtsiden.no publisert lokale nyhende på nett, tett på osingane og livet i bygda, med fyldige bildeseriar og videoar frå idretts- og kulturlivet, og raske rapportar frå viktige hendingar.

Frå dag éin har mange av lesarane våre vore gode støttespelarar! Vi takkar for alle tips, bilde, ønske og meiningsytringar - eit engasjement som smittar!

Midtsiden har kontor midt i Os sentrum, tett på mykje av det som skjer og med kort veg til krinsane i kommunen.

Heile Os - døgnet rundt:
tips@midtsiden.no
Vakttelefon 97975200 (sms: 90789270)

Kontakt

Kjetil Vasby Bruarøy
Ansvarleg redaktør
907 89 270 - kjetil@midtsiden.no

Susann Haukeland Børnes
Journalist
948 05 130 - susann@midtsiden.no

Midtsiden AS

Org. nr: 995 287 528 MVA

Besøksadresse:
Øyro 29, Smiegården (4. etg over Jernia)

5200 Os

Sjå kontoradressa vår i Google Maps

Postadresse:
Nedre Askvik 72 B
5217 Hagavik

Fakturaadresse:
EHF eller kjetil@midtsiden.no
(Eventuelt postadresse)

Tips/kontakt

  • Kjetil Vasby Bruarøy
    Kjetil Vasby Bruarøy
    Redaktør

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.