Lokal | 07. jan. 2019

1 - 2 leik!

Osbadet held fram med open hall - til stor glede for mange.

1 - 2 leik!
Mange nytta tilbodet om open hall i går. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 07. jan. 2019 08:48

Bildeserie:

Hanne Flaskerud og Kjartan Totland Monstad syt for ein sosial leikeplass. (Foto: KOG)
Hanne Flaskerud og Kjartan Totland Monstad syt for ein sosial leikeplass. (Foto: KOG)
Open hall er eit gratistilbod. (Foto: KOG)
Open hall er eit gratistilbod. (Foto: KOG)
Tøff kar på tøff sykkel. (Foto: KOG)
Tøff kar på tøff sykkel. (Foto: KOG)
– Tom for bensin? (Foto: KOG)
– Tom for bensin? (Foto: KOG)
Sosialt for vaksne og barn. (Foto: KOG)
Sosialt for vaksne og barn. (Foto: KOG)
1 av 5
Hanne Flaskerud og Kjartan Totland Monstad syt for ein sosial leikeplass. (Foto: KOG)
Open hall er eit gratistilbod. (Foto: KOG)
Tøff kar på tøff sykkel. (Foto: KOG)
– Tom for bensin? (Foto: KOG)
Sosialt for vaksne og barn. (Foto: KOG)

Kombinasjonen små barn og søndag formiddag kan vera utfordrande nok; ungane vaknar ferdig lada alt for tidleg, og du som vaksen må gni kamferdropsen ut av auga og stilla opp som aktivitetsleiar. Ikkje alltid like lett, men på Kuventræ er det hjelp å få. I 2016 starta Osbadet med tilbodet «Open hall».

Sosial arena

– Dette gjer vi for å skapa ein sosial stad for både vaksne og barn, fortel aktivitetsansvarleg, Kjartan Totland Monstad.

– Logikken er enkel; vi har ledig halltid, og dette krev ikkje så mykje av oss. Utstyret og hallen har vi allereie.

Monstad fortel at tilbodet legg opp til at borna kan få springa frå seg i trygge former. Vi har fleire aktivitetsleiarar til stades heile tida som ser til at alle har det kjekt.

– Vi ser i tillegg at mange av dei vaksne nyttar tida til å senka skuldrene litt og slå av ein prat med kjende.

Godt besøk - uansett vêr

John Hauge ved Osbadet fortel at tilbodet om open hall vart avvikla i heile fjor, med unnatak av sommarferien.

– Det er som oftast mykje folk, og snittet ligg nok på 100 menneske pluss-minus. Men på skikkeleg gode dagar ser vi lett meir enn 150 menneske som nyttar seg av to-timars tilbodet. Tilbodet er gratis, men vi ser jo sjølvsagt at såpass mykje folk genererer godt besøk i kafedelen vår òg.

– Er det vêravhengig kor mykje folk som kjem, slik ein ofte ser med badinga? Jo verre vêr - jo meir folk i symjehallen?

– Nei, her ser vi ikkje så mykje samanheng mellom vêr og besøket i hallen, men det er sjeldan lite folk, det er sikkert.

Eit av fleire tilbod

Aktivitetsleiar Hanne Flaskerud fortel at Osbadet legg opp til open hall kvar sundag - men at det kan vera unnatak, då hallen er oppteken til andre føremål.

– Eg vil oppfordra publikum til å følgja med i sosiale media; der legg vi ut opningstidene for open hall-tilbodet og andre spanande tilbod vi køyrer. Blant anna har vi flytta vi den oppblåsbare hinderløypa vår ned i Mobergsvikjo fleire gongar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.