Kultur | 21. aug. 2012

10 år med galleri på Os

Laurdag feirar Galleri Oz 10-årsjubileum med å invitera utstillarane frå den første utstillinga i 2002.

10 år med galleri på Os
Alf H. Strønen, Turid Parmann, Åse Berit Skeie Ulltang, Turid Sværen og Ingvild Hetleflåt er klare med jubileumsutstilling i Galleri Oz (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 21. aug. 2012 22:21

August 2002 opna Turid Parmann, Ingvild Hetleflåt og Åse Berit Skeie Ulltang Galleri Oz i det gamle kommunehuset på Kyrkjeflaten. Den gong var dei tre saman med Alf H. Strønen og Turid Sværen om å stå for å halda galleriet ope.

- I høve jubileumsutstillinga har vi samla troppane og stiller ut igjen, fortel Turid Parmann, som er den einaste av dei opprinnelege galleristane som framleis er med på eigersida.

Utstillinga famnar frå tekstilkunst via ulike målarteknikkar og materiale til Alf Strønen sine "hardare" kunstverk i tre.

- Tøffare enn eg trudde

Etter ti år som gallerist innrømmer Turid at det ikkje har blitt noko å bli så verdsleg rik på.

- Det er hyggeleg å halda på med og vi har ikkje gått i underskot, men det har ikkje vore særleg å henta ut av overskot heller.

- Å driva eit galleri blei nok tøffare enn eg hadde trudd då vi starta opp for ti år sidan, fortel ei ærleg Turid Parmann.

Stadig nye som oppdagar galleriet

Parmann fortel at ei gjennom åra har opparbeidd ein god del faste kundar som kjem innom for å handla.

- Akkurat det har blitt lettare med åra. No er det fleire som kjem for å kjøpa ei gåve eller noko nytt til heimen. I starten var det mange fleire som berre kom for å sjå.

- Men éin ting er det som stadig forundrar meg og det at vi stadig opplever at det kjem osingar innom som fortel at dei ikkje visste at vi var her og at dei aldri har vore her tidlegare.

- Eg trudde vi hadde vore flinke til å marknadsføra oss, men det er tydelegvis stadig nokon som oppdagar oss, slår Parmann fast.

60-70 utstillingar

I løpet av dei ti åra galleriet har halde hus på Kyrkjeflaten har det blitt mange i utstillingar.

- Den første hausten hadde vi fire. Etterkvart har det variert litt, men vi har vel hatt mellom seks og ti utstillingar kvart år, mellom 60 og 70 totalt.

- Til saman har om lag 100 kunstnarar stilt ut i galleriet, fortel Turid Parmann som no eig galleriet saman med Marte-Katrine Parmann og Liv Rogstad.

Jubileumsutstillinga opnar laurdag klokka 13.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.