Lokal | 19. sep. 2019

10 av 18 fekk mangellapp

Politiet avskilta éin bil - vegvesenet fann langt fleire manglar.

10 av 18 fekk mangellapp
Statens vegvesen hadde kontroll i Hjellemarka onsdag kveld. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. sep. 2019 07:45

Statens vegvesen hadde onsdag kveld kontroll på E39 Byvegen ved Hjellemarka.

18 bilar tunge og letekøyretøy blei kontrollerte, 10 av dei fekk mangelseddel grunna feil på lys. I tillegg fekk ein bil bruksforbod grunna dårleg sikring av last.

Politiet avskilta ein bil som sto parkert på Søre Neset. Årsaka var manglande forsikring. Eigar av ein lett MC meldte i går ifrå om at han hadde mista skiltet sitt. Det skal ha skjedd mens vedkomande køyrde frå Os til Bergen.

Leitte etter hjort i ei grøft på Søfteland

– Klokka 11.30 på formiddagen fekk vi melding om mogleg påkøyrd hjort på Søfteland. Ei kvinne fortalte at det låg ein hjort i grøfta, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Viltkontakt Espen Krüger Andersen snakka med meldar og var saman med ein annan viltkontakt i området og sjekka.

– Hjorten skal ha lagt i grøfta mellom fotballbanen og Tømmernes, men vi fann ingenting. Vi undrast litt over at ingen andre har meldt ifrå om dette, men det er jo mogleg at nokon andre har henta den etter kort tid, seier Andersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.