Næringsliv | 19. juni 2009

100 år på Os

I år er det 100 år sidan M K Olsen Bok- og Papirhandel AS blei starta, og 60 år sidan innehavar Rigmor Johnsen byrja å jobba med bøker.

100 år på Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. juni 2009 10:52

Bildeserie:

1 av 3

- Dette er første gong vi markerer noko jubileum, seier Rigmor Johnsen om den 100 år gamle bedrifta.

- Men i starten var det andre varer i butikken, som klede, maling, støvlar og leikar. Så neste år må vi nok markera at det er 70 år sidan M K Olsen starta med bøker, legg ho til.

Bøker er framleis viktigaste varegruppe for bokhandelen som Rigmor har jobba i sidan 1986, og eigd saman med ektemannen sidan 1991.

Kjøpte av Norske Skog
Georg Stang var første eigar etter Olsen-familien, og han selte vidare til F. Beyer i 1986, det same året som dagens eigar byrja å jobba for bokhandelen på Osøyro.

- Konsernet Beyer sine sine verksemder blei selt til ulike aktørar, og bokhandelbeten gjekk til Norske Skog. Så vi kjøpte M K Olsen rett frå råvareprodusenten Norske Skog.

Mannen til Rigmor, Alf, har ikkje jobba i bokhandelen, men har likevel vore aktiv i den administrative delen av drifta.

- Han sto blant anna for forhandlingane med Norske Skog då vi kjøpte, og var veldig engasjert i arbeidet med ny bransjeavtale.

Stabil stab
"M K" i firmanamnet står for "Markus Kristian", Markus Kristian Olsen etablerte M K Olsen Bok- og Papirhandel på Osøyro i 1909, og firmanamnet er framleis det same.

- Sonen Harald dreiv vidare frå 1927 til 1977, altså i 50 år, før han selde til Georg Stang, fortel Rigmor.

Sjølv har ho jobba med bøker sidan ho som 17-åring fekk jobb hos Helene Wilhelmsen i Bergen i 1949. Sjølv om ho fyller 77 år i år, og dottera Merete har overtatt som dagleg leiar, er Rigmor aktivt med i drifta.

- Det er fleire som ser ut til å bli verande lenge i dette yrket, to av våre tilsette passerte 20 år i jobben i fjor, og vi har fleire som har jobba her i mellom 10 og 20 år.

Bøkene er viktigast
Då Rigmor gjekk frå Fana Bokhandel til jobb i M K Olsen var det også parfymeri i bokhandelen på Os, men dette blei avvikla i Beyer si tid som eigar. Sjølv har ho vore opptatt av at bøker skal vera viktigaste varegruppe.

- Vi har eit stort utval, det får vi også tilbakemeldingar på frå tilreisande kundar, seier ho.

Sal av skulebøker utgjorde på det meste ein tredel av omsetnaden. Bokhandelen mista først grunnskulebøkene, og gradvis dei siste åra også bøkene til elevar i vidaregåande skular.

- I fjor var siste år med skulebøker. Fortenesta var ikkje stort med slikt volum, men vi måtte gå ned i bemanning etter at vi mista desse, seier dalgelg leiar dei siste fem åra, Merete Johnsen.

Lokale bestseljarar
I dag utgjer rekvisita ein tredel av omsetnaden, medan bøker og lydbøker framleis er største varegruppe.

- Lydbøker auka ein del for nokre år sidan, og har heldt seg stabilt oppe. Elles ser vi at det går stadig meir av billige bøker for tida. Pocketbøker kjem òg i større utval enn før.

Andre sikre vinnarar på salsstatistikken er lokale bøker.

Naturhistorisk Vegbok for Hordaland og Kulturhistorisk Vegbok for same fylke var populære bøker då dei kom, og før jul 2008 kom osingen Nils Georg Brekke med boka "Folgefonna" som også hamna under mange juletre i Os. Også Gløymebok for Os 1 og 2 selte veldig godt på Os.

- Det var i mai vi fylte 100 år, men det er no under Marknadsdagane neste helg vi har sjølve markeringa. Då blir gamle bilde stilt ut i bokhandelen, og kundane kan koma på kaffi, kaker og svært gode tilbud på mange gode bøker, seier Merete.

- Og din yndlingsforfattar heiter?

- Den første eg kjem på er japanske Haruki Murakami. Han er mest kjent for bøkene "Norwegian wood" (nesten "Norske Skog", red anm.) og "After Dark", seier Merete.

Rigmor si favorittbok er "Saman er vi mindre aleine" av Anna Gavalda.

M K Olsen Bok- og Papirhandel AS er framleis firmanamnet, men bokhandelen marknadsfører seg no under namnet Osøyro Libis. Namneendringa kom etter fusjon mellom kjedane Libris og Interbok for nokre år sidan.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.