Næringsliv | 22. jan. 2010

100 fliser på 10 kvm

Ein kompakt flisebutikk opna i dag som avdeling av Os Fargehandel.

100 fliser på 10 kvm
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. jan. 2010 12:08

- Utanom butikk og lager på Sotra har vi 7 slike utstillingar planar om å opna 10-12 nye i løpet av 2010, seier grunnleggjar av Nettflis.no, Ove Vindenes.

Han var involvert i fleire flisebutikkar før det blei skore ned til éin og opning av nettbutikk.


- Mykje enklare
Os Fargehandel blei i dag ein av fleire i Fargerike-kjeden med Nettflis.no-avdeling.

- Vi har drive med fliser tidlegare, men ser på det som ei krevjande varegruppe. Det er mykje transport, noko som kan vera kostbart per krone når det gjeld små parti, og mykje restar og utgåtte varer. Det fungerte dårleg med dei leverandørordningane vi hadde, seier Paal Moberg frå Fargerike Os.

- No slepp vi både lager og transport, Nettflis har alle varene på lager på Sotra og leverer gratis i butikken vår så kundane kan henta her.

Ta og kjenne
Nettbutikken opna ein større marknad for fliseseljaren frå Sotra, som har sendt varer til blant anna Nord-Noreg, Longyearbyen, Sverige og Danmark.

- Men der kundane har utstilling innan rekkevidde vil dei som oftast komma og ta og kjenna på flisene, derfor er desse utstillingane viktige supplement.

I utstillinga som opna i dag har leverandøren stilt ut 100 flisetypar i den knappe 10 kvadratmeter store avdelinga av Os Fargehandel. I tillegg er dei kopla opp mot nettsida deira på eigen storskjerm, der dei både kan visa fleire flisetypar og flisene i miljø.

- Vi har valt å legga oss på høgare kvalitet, dei fleste flisene våre kjem frå Italia. Kvar flis har eigen sjattering, dei ser meir livleg ut. Men like viktig er dei tekniske fordelane, med lite oppsug av vatn og mest mogleg like mål, så ikkje du kjem skeivt ut, seier Vindenes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.