Kultur | 10. sep. 2011

100 i kø for NMS-opning

Det Norske Misjonsselskap (NMS) omsette for 20.000 kroner første dag.

100 i kø for NMS-opning
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 10. sep. 2011 15:52

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 7
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Laurdag formiddag opna NMS Gjenbruk butikk i Irisgården. Formannen i landsstyret, Kari Sørheim, og ordførar i Os, Terje Søviknes (Frp), fekk mange å tala til under snorklippinga.

– Det var 100 i kø då vi opna og det har vore fantastisk besøk gjennom dagen, seier Leif Fjellvang.

Mykje pengar til bistand

Også omsetnaden, som går til kyrkjebyggande arbeid og bistand, var strålande.

– Det blei ein veldig god opningsdag, vi selte for nesten 20.000 kroner, seier Fjellvang.

Gåvmilde og arbeidsvillige

Meir enn 1300 uløna driv NMS sine gjenbruksbutikkar i Noreg på frivillig basis.

– Vi er no oppe i 25 som vil jobba i butikken på Os, og det er veldig bra. Men vi har framleis plass til fleire, seier Fjellvang.

Han er også glad for at så mange vil gje til sal og gjenbruk. Dei som melder frå at dei har ting til butikken kan dessutan risikera å få pensjonert sokneprest eller distrikslege på besøk.

– Det er mange som ikkje har tilhengar eller sjanse til å levera, så då kjører eg, Nic Lunde eller andre ut og hentar, seier Per Fimreite.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.