Sport | 26. juni 2010

100 mil med padleferie

Med rifle og samanleggbar kano i bagasjen reiser Bjørn Tore Eriksen og Erik Walden på ein lang, men krevjande sommarferie nord i Canada.

100 mil med padleferie
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 26. juni 2010 00:16

Onsdag 30. juni set Bjørn Tore Eriksen og Erik Walden seg på fly frå Flesland. Turen går via Frankfurt og Calgary til småbyen Yellowknife, der dei skal handla litt proviant før eit sjøfly fraktar dei ut i øydemarka. Målet er ein padletur frå Lynx Lake til Baker Lake nordaust i Canada, på den krevjande Thelon River.

- Klimaet minner litt om Hardangervidda og elva er den lengste i landsdelen. Vi har planar om å padla rundt 100 av dei 140 mila, fortel dei to reiseklare førtiåringane frå Os.

Dei har sett av 35 dagar til padleturen, og reiser tilbake med fly via ei rekkje småbyar på austkysten av Canada.

Fellesinteresser
Det starta med at Erik og Bjørn Tore møttest då dei lufta hundane. Dei kom i prat, og med fleire fellesinteresser enn hund, blant anna fiske og friluftsliv, blei dei etter kvart turkameratar.

- Begge har vore på ein del teltturar og fisketurar her i Noreg og begge var klar for ein litt lengre tur. Då ein annan kamerat inviterte meg med på ein tur som ikkje blei noko av, spurte eg Erik om vi skulle planlegga noko saman, fortel Bjørn Tore.

Lang planlegging
Målet var ein lengre tur i fin natur, og dei to brukte litt tid på å finna ut kva elv dei skulle padla. Elva Thelon dukka opp i eit par samanhengar, både kjente personar og folk padlarane frå Os kjenner, har padla den same ruta før.

- Thelon er klassifisert som krevjande, men det er nok det at den ligg så øyde til som har vore sterkast medverkande til det. Elva er snill og har få stryk, men det er blant anna ein stad vi må bæra utstyret 5 kilometer, og vi har så mykje utstyr med oss at vi må gå den turen tre gongar.

Sjølv om det berre er 380 meter over havskorpa ved start, er det så langt nord at klimaet i naturreservoaret (Thelon Game Sanctuary) om sommaren er som på Hardangervidda. I førre veke var det minusgradar på dagtid. Men Erik og Bjørn Tore føler seg godt førebudd, både når det gjeld utstyrer og kva som ventar dei.

- Vi har lest ein del om området og snakka med fleire som har vore på tilsvarande turar. Vi er spente, men gler oss veldig.

Sparing og sponsing
I nokre år har dei to sett av litt pengar kvar månad til den rundt 30.000 kroner dyre flybilletten. Læraren Eriksen og brannmannen Walden har også fått sponsa ein god del kvalitetsutstyr til turen.

- Sidan eg jobbar deltid hos MX Sport har vegen vore kort til gode leverandørar. MX Sport sjølv har gjeve oss mykje teknisk bekledning, fleire par sko og diverse anna utstyr, Devold held oss varme inst mot huden, Apotek 1 på AMFI Os gjev oss medisin og utstyr, og Bergans har sponsa oss med telt og den populære samanleggbare Ally-kanoen, fortel Walden.

I tillegg har Bjørn Tore fått respons hos selskapet Tradee AS, som sponsar padlarane med Iriduim satellitt-telefon.

Skal fiska seg mette
Erik og Bjørn Tore har planar om enkel kost, havregryn, Real Turmat (som Bergen brannvesen har sponsa dei med) og fisk, som dei har planar om å fiska sjølv.

- Det skal vera eventyrlege fiskeforhold der borte, og vi kjøper fiskekort i begge landsdelane vi padlar i.

- Kva dyr kan de koma til å møta på?

- I den glisne furuskogen langs elvebreddene skal det vera eit yrande dyreliv. 300.000 nordamerikanske reinsdyr, caribou, har dette området som del av si faste trekkrute. Etter caribouen følgjer ulv, grizzlybjørn, svartbjørn, jerv, gaupe og rev luskande for å jakta på dei enorme flokkane.

- I tillegg er det store flokkar med moskus som beiter på tundraen, legg han til.

Takkar dei heime
Dei har med seg rifle på turen, men berre i tilfelle dei må forsvara seg sjølv. Det er verken jakttid eller lov av utlendingar å jakta storvilt utan å ha med nokon frå lokalbefolkninga.

- Vi trur ikkje vi får bruk for rifla, bjørnen trivst best på stadar med meir skog. Men får vi bruk for våpen så er det dumt å ikkje ha den med.

Med satellitt-telefon og Spotfinder kan dei både melda frå til heimen at alt er vel og eventuelt senda ut naudsignal.

- Vi er utruleg takksame for at damene våre let oss ta denne turen. Dei sa ja då vi starta planlegginga, men det er nok litt rart når dagen for avreise no nærmar seg. Likevel slepp dei oss ut i naturen, nesten 40 dagar på reise, seier Erik Walden og Bjørn Tore Eriksen.




Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.