Kultur | 12. mai 2009

1000 færre enn i fjor

Over 500 kjøpte billett til Vårslepp-konserten, likevel var arrangørane nokre hundre publikummarar frå å gå i null. (Sjå fleire bilde frå Vårsleppet.)

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. mai 2009 09:19

- Vi burde selt minst rundt 850 billettar. I fjor hadde vi over 1500, noko eg trur er rekord, så forskjellen er stor, seier leiar for Os sentrumsforening, Renate Iversen Sundberg.

Med sal av drøye 500 billettar går årets arrangement med underskot. Men Os Sentrumsforening kjem truleg ikkje til å gje opp det å arrangera storkonsertar.

Ny dato
- I fjor var første år vi arrangerte dette utan samarbeid med eksterne selskap. Då var vi heldige med vêret, og Hellbillies lokka mange til Os. Vi kjem nok til å prøva oss med storkonsertar fleire gongar, men vi vil prøva å få andre med på laget, og kanskje skilja konserten frå Vårsleppet.

Renate seier det kan bli aktuelt å halda fram med Vårslepp i starten av mai, på dagtid, men ha konserten nokre veker seinare.

- Både for å auka sjansane for at det er varmt vêr, men òg for å unngå konfirmasjonshelgene.

Tilbake til telt?
- Kan det bli aktuelt å gå tilbake til å ha konserten i telt?

- Å ha så stort telt at du får plass til både scene og publikum er dyrt, då er det vanskelegare å gå i pluss. Men vi må nok sikra oss med fleire telt på konsertplassen.

Den tekniske delen av arrangementet er ho nøgd med. God dugnadsinnsats, realistisk tidsplan og Gunnar Greve "Gest" Pettersen som konfransier var med på å gjera konserten så vellukka som den kunne bli.

Sjå fleire bilde frå Vårsleppet

Les Vått, men vilt, også den med fleire bilde frå konsertane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.