Lokal | 31. mai 2014

1000 osingar lever med kreftdiagose

– To av tre blir friske, fortalde kreftkoordinator Sigbjørg Eriksson då ho orienterte Tenesteutvalet onsdag.

1000 osingar lever med kreftdiagose
Kreftkoordinator Sigbjørg Eriksson orienterte Tenesteutvalet om funksjonen sin onsdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 31. mai 2014 08:23

I omlag halvanna år har Sigbjørg Eriksson arbeidd som kreftkoordinator i Os kommune i ei halv stilling. Frå 1. april blei stillinga oppjustert til 60%.

– At Os kommune har vald å satsa på ei slik fast stilling og no har auka den litt er kjekt.

– Det er ikkje alle kommunane som gjer det same.

– Intensjonen med satsinga er å betre levekåra og livskvaliteten for kreftpasientar og familien deira der dei bur, forklarte Eriksson då ho orienterte Tenesteutvalet om det første halvanna året i drift.

Har satsa på barnefamiliar

Eriksson fortalde at det første ho gjorde då ho tok til i jobben var å staka ut kursen gjennom ein to-årsplan.

– Tilbakemeldingane frå tenestene var at det var viktig å ivareta barnefamiliane som blir råka av kreft.

– Difor starta vi opp med «Treffpunkt» kor unge som har kreft i familien kan møtast, dele erfaringar og leika.

– Vi møtast ein gong i veka, fortalde kreftkoordinatoren.

Korleis meistre livet med kreft?

Eriksson har òg vore med på å få på plass rutiner og ivaretaking av dei som har mista nokon, saman med kreftsjukepleiarane i kommunen.

– Der har vi no fått på plass ein firetrinnsmodell.

– Det neste prosjektet no er eit meistringsprosjekt. Korleis meistar du livet når du får ei kreftdiagnose. Det er eit samarbeidsprosjekt med Karen på Frisklivssentralen, kor vi òg har fått med Monica Reiertsen frå ressurssenteret på Lurane.

To av tre blir friske

Eriksson, som kom frå Kreftforeninga då ho byrja i Os kommune, fekk mykje skryt frå utvalet.

– Vi har vore utruleg heldig som har fått deg med den erfaringa og kompetansen du har.

– Kan du seie noko om kor mange som er råka av kreft i kommunen, undra Eirik André Hesthamar.

– Dei siste tala eg har fått ut frå kreftregisteret er frå 2010, då var det omlag 600, når vi veit at det aukar med omlag 100 nye tilfeller i året så er det nok no omlag 1000.

– Men, det på påpeikast 2/3 av desse blir friske.

– Korleis får kreftpasientane kontakt med deg, følgde Anders Hjelle (Tvs) opp.

– Fastlegane og Haukeland veit om meg, i tillegg informerar Kreftforeninga om tenesta, så dei som blir råka får veta om meg. I tillegg må jo de berre spre ordet, svara Eriksson.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.