Næringsliv | 28. jan. 2018

109 år gamal bokhandlar legg ned

M K Olsen Bok- og Papirhandel AS legg ned Osøyro Libris.

109 år gamal bokhandlar legg ned
M K Olsen Bok- og Papirhandel har beslutta å legga ned Osøyro Libris. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 28. jan. 2018 22:02

Bildeserie:

Rigmor og Merete, her i 2015, har drive butikken sidan 1991. (Foto: KVB)
Rigmor og Merete, her i 2015, har drive butikken sidan 1991. (Foto: KVB)
1 av 1
Rigmor og Merete, her i 2015, har drive butikken sidan 1991. (Foto: KVB)

Rigmor Johnsen, som fyller 86 år i år, og dottera Merete har bestemt seg for å legga ned bokhandlaren i Os sentrum.

– Det er med tungt hjarte at vi har kome fram til denne avgjerda. Etter mange år på Osøyro har vi opparbeidd oss eit godt forhold til mange faste kundar, seier Rigmor og Merete i ei pressemelding søndag.

– Dei to siste åra har vore prega av mykje grave- og byggearbeid, og eit lågare kundetilløp i denne perioden har kosta oss mykje pengar og krefter.

• Les òg: Damene les mest

– Faghandelen, og bokbransjen spesielt, står også ovanfor store forandringar i tida som kjem, og framtida vil krevja sterkare musklar enn det vi har. Det er med tungt hjarte

Brå nedgang frå 2007

Selskapet fekk redusert omsetnad også tidlegare år, frå 2007 til 2010 var nedgangen frå 7,5 til 5,4 millionar kroner - over 2 millionar redusert omsetnad i løpet av tre år.

Vidare har det gått jamt nedover til 4,6 millionar i 2016.

• Les òg: Meir leik og lærdom

Starta i 1909

Butikken blei starta 7. mai 1909 av Markus Kristian Olsen frå Tysnes, først som «assortert butikk», men med bøker frå 1930.

Dagens eigarar, Rigmor og Merete, har drive butikken sidan 1991.

Andre kan ta over

Sjølv om dagens eigarar seier byggeperioden i Os sentrum har tatt på, har dei tru på at resultatet av opprustinga av sentrum gjer at det i framtida kan bli lettare å driva.

– No ligg Osøyro der, så flott og nyoppussa, at vi trur handelen vil ta seg opp igjen i åra som kjem.

– M K Olsen treng heller ikkje vera rein bokhandel til evig tid, om nokon vil ta over bedrifta.

I 2016 starta selskapet Osøyro Kontorspar, retta mot bedriftsmarknaden.

– Her kan dei rette aktørane, med litt kremmarblod i årene og vilje til å starta sin eigen, nettbaserte arbeidsplass, ta over, inviterer Bjørkeli.

Opphøyrssalet startar 1. februar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.