Benjamin Askvik Midtbø (t.h.) i innleiande runde. I finalen møtte han lagkamerat Sondre Kvamsdal. (Foto: Frank Baggen, Os Karateklubb)

11 karatemedaljar til Os

Os Karateklubb sine 12 utøvarar vann 11 medaljar i vestlandscupen i Sveio i helga.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os Karateklubb forsynte seg grovt av medaljefatet i Sveio denne helga.

- Eg er svært nøgd med det ungdommane viste. Vi fekk òg gode kommentarer frå andre klubbar som spurte kva vi gjer for å få fram så mange med høgt nivå, seier Cato Bruarøy, som saman med Ole Bakke var lagleiar på stemnet.

Dei eldste dominerte

Noregsmeister Tiril Skønberg Haaland vann klassen for kvinner senior med 8-0 i finalen.

I den store klassen gutar 12-15 år stilte Os med tre utøvarar, og finalen blei ein rein Os-kamp etter suverene sigrar i innleiande rundar.

Benjamin Askvik Midtbø vann finalen 2-1 over Sondre Kvamsdal, mens Tobias Hagen Røttingen også gjorde ein god figur.

- Både desse tre gutane og Tiril er blant Vestlandets aller beste i sine klassar, så vi hadde rekna med gode resultat, seier Bruarøy.

Mange medaljar til jentene

I klassen jenter 12-14 år stilte Os med tre utøvarar i både kamp og kata (teknikk). Alle tre fekk medalje i begge klassane. 

Melina Solvang vann sølv i kata og bronse i kamp, Tuva Baggen vann sølv i kamp og bronse i kata, mens Carmen Liliana Langbakk Bruarøy vann bronse i både kamp og kata.

- Dei tre er jamngode og plukker stadig medaljar. Seinare i haust skal dei vera med i lag-NM, og då har dei god sjanse til å bli norgesmeistrar saman, seier Bruarøy.

Anne Fløtterud stilte berre opp i kata denne gongen. Ho har tidlegare vist fleire gode kampar også, og avslutta si tid i Os Karateklubb med å vise ein flott kata. Dagen etter flytta ho til Austlandet, så det blei mange gode klemmar frå lagvenninne då stemnet var ferdig.

Gulljenta Mariell - endeleg med medalje

I klassen jenter 11 år hadde Os fire debutantar.

Mariell Askvik Midtbø har vunne alle karatekampar ho har vore med på, men i klassen 10 år og yngre er det ikkje plasseringar. No når ho er blitt 11 år kunne ho endeleg få gullmedalje kring halsen, etter ein suveren finale.

Helena Bakke og Aurora Berge Fagerthun var med på stemne for første gong, og imponerte med gode kampar. Helena fekk med seg ein bronsemedalje heim.

Natalie Lernes Andreasson deltok i kata og viste god teknikk i sitt første stemne.

- Aurora, Helena og Natalie trener fleire gonger i veka og har hatt ein kraftig framgang siste tida. Det blir spennande å følgja dei i tida framover, seier Bruarøy.

Osingane var dommarsjefar

Klubben sin leiar, Vidar Mjånes, var hovuddommar på stemnet, og Tor-André Aspenes var matteansvarleg.

– Dei to dommarane frå Os er blant dei fremste på Vestlandet, og Vidar er teken ut til å døma i fleire internasjonale stemner dei komande månadene.

Nye sponsoravtalar

Os Karateklubb har høg aktivitet og konkurrerer også internasjonalt. Klubben har siste tida fått fleire sponsorar frå Os.

- Sport Norge og Amfi Os har no kome inn som hovudsponsorar for Os Karateklubb, saman med Mjånesen Lakk og Mekanisk, som har støtta arbeidet vårt i fleire år. Desse midlane vil gå til deltaking i NM og internasjonale meisterskap for ungdommane, seier Bruarøy.

Fleire saker