Sport | 03. juni 2012

11 minutt bak vinnarane

Samund Nordang (4:18:58) og Bjarte Rasmussen (4:19:09) blei dei raskaste osingane i sykkelrittet Bergen-Voss laurdag.

11 minutt bak vinnarane
(ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 03. juni 2012 08:05

Mange sykla med sørgjebind då dei deltok i det populære sykkelrittet Bergen-Voss i går. Dei sørgja over tapet av syklisten som omkom etter møteulykke med ein traktor under trening i Os tysdag.

Bergen-Voss gjekk unna utan alvorlege uhell, og med fleire fine tider, også av osingar.

Semiproffane Stian Remme (Team Joker-Bianchi) og Filip Eidsheim (Ridley Cycling Team) vann på tida 4:07:16.

Lunde med tekniske problem

Osing Kjetil Lunde, som var 1 minutt bak vinnaren då han sykla inn til 4:16 i fjor, var lenge med i tet, men fekk tull med sykkelen sin.

– Ramma sprakk så eg måtte stoppa for å ta litt reparasjonar, fortel Lunde.

Han kom inn på ei god tid likevel, 4:25:10 var berre knappe 18 minutt bak vinnarane, på 98. plass.

Nordang raskaste osing

Med Lunde i grøfta med verktøy blei det tre andre osingar som fekk betre tid.

27. Samund Nordang CK Henie 4:18:58
32. Bjarte Rasmussen CK Henie 4:19:09
37. Lars Erlend Brattabø Bergen CK 4:20:06

Fleire frå CK Henie kom i mål på under 5 timar:
257. Bjørn Knutsson 4:46:08
285. Stein Kjetil Hefte CK Henie 4:47:35
285. Helge Sandven CK Henie 4:47:35
285. Eivind Skaftå CK Henie 4:47:35
285. Tore Sædal CK Henie 4:47:35
285. Ole Johnny Sølberg CK Henie 4:47:35
450. Tom Kidøy 4:53:43

Raske damer frå Os

Vi fann ingen frå CK Henie på resultatlista for kvinnene, men Irene Garvik og Kari Hellevang Røttingen frå Os kom inn saman på 60. plass.

Dei brukte 5:49:58 på distansen.

Raskaste i kvinneklassen var Marit Iden frå Åsane CK som vann for 7. gong då ho sykla inn på 4:43:53.

Sjå fleire resultat og bilde på kondis.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.