11 statar på 14 dagar

ORBO & The Longshots blir no spelt 20 gongar for dagen på amerikansk radio. Her fortel ORBO om USA-turneen.

F.v.: Stian Tumyr (trommer), Paul Inge Vikingstad (bass), Reidar Opdal (vokal, piano), Ine Tumyr (vokal, perkusjon) og Ole Reinert Berg-Olsen (vokal, gitar). Her i Reboth Beach på tampen av turneen. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 01. apr. 2012 08:47

Bildeserie:

Bonde i by'n; Ole sine boots med Empire State Building i bakgrunnen. (Privat foto)
ORBO blei spelt 152 gongar på radio i USA førre veke. (Skjermskot, americanaradio.com)
Etter turnéstart i Nashville gjekk turen via Knoxville til Atlanta. (Privat foto)
Plakat i Knoxville. (Privat foto)
Utanfor spelestad i Atlanta. (Privat foto)
ORBO turnerte med Dex Romweber (t.v.). (Privat foto)
Utanfor spelestad i Atlanta. (Privat foto)
LIVE i Atlanta. (Privat foto)
Capitol Hill i Washington DC. (Privat foto)
Bonde i by'n; Ole sine boots med Empire State Building i bakgrunnen. (Privat foto)
ORBO blei spelt 152 gongar på radio i USA førre veke. (Skjermskot, americanaradio.com)
1 av 9
ORBO blei spelt 152 gongar på radio i USA førre veke. (Skjermskot, americanaradio.com)
Etter turnéstart i Nashville gjekk turen via Knoxville til Atlanta. (Privat foto)
Plakat i Knoxville. (Privat foto)
Utanfor spelestad i Atlanta. (Privat foto)
ORBO turnerte med Dex Romweber (t.v.). (Privat foto)
Utanfor spelestad i Atlanta. (Privat foto)
LIVE i Atlanta. (Privat foto)
Capitol Hill i Washington DC. (Privat foto)
Bonde i by'n; Ole sine boots med Empire State Building i bakgrunnen. (Privat foto)

Med suksessalbumet "Praire Sun" har ORBO & The Longshots starta året bra, med fleire gode listeplasseringer i USA og nyleg ein vellukka turné i statane, der dei blant anna blei tatt på senga av nokre osingar som dukka opp og følgte dei på delar av turneen.

– Eg trudde det berre var band som Rolling Stones og U2 som hadde denne form for følgjarar, fans som kryssar kontinent for å gå på konsert etter konsert. Vi er veldig smigra over at Linda Andersen med følgje møtte oss i USA og var med på seks konsertar, seier Ole Reinert Berg-Olsen.

Éi ORBO-låt i timen

ORBO & The Longshots ligg framleis på rundt 20. plass på AMA-charten, ORBO blei førre veke spelt heile 152 gongar på amerikansk radio. Og på turneen deira fekk dei endå fleire fans.

– Vi hadde med oss ein del merchandise og selte godt med plater på turen. Etter at vi kom heim har vi fått fleire mail frå amerikanarar med spørsmål om kvar dei kan skaffa tidlegare album, fortel ORBO.

Turneen starta med konsert i Nashville skotårsdagen 29. februar og heldt fram ut mot kysten og nord til New York. Etterpå var det sørover igjen, blant anna til speling i Bruce Springsteens heimby Asbury Park i New Jersey, rett sør for New York, 7. mars.

Ole og bandet hans var innom 11 statar på to veker.

På turné med Dex

Turneen gjorde ORBO saman med Dex Romweber Duo. Dex Romweber er ifølgje Ole Jack White i The White Stripe sin hovedinspirasjon. White har nyleg signert Dex sin duo på sitt plateselskap og Dex er ofte oppvarmingsband for The White Stripes.

– Ruta vår gjekk frå Nashville til Knoxville, der vi gjorde to konsertar live på radio, så vidare til Atlanta før vi sette kursen mot austkysten.

– I USA har Dex ganske godt følgje og etter Atlanta gjekk turen til heimbyen hans, Chapel Hill i North Carolina. Etter dette reiste vi til hovudstaden Washington DC, Philadelphia og New York, der vi fekk den einaste fridagen på turen.

Slutten av turneen blei i mindre byar, som New Haven i Connecticut, der dei spelte rett ved Yale Universitetet, så Bruce Springsteen sin heimby Asbury Park, sm var ganske død og sesonstengt. Byen ligg nær New York, men er ein mindre strandby med palmer og surfarar om sommaren.

Eksotisk

– Vi gjorde eit radioshow i Ocean City, der Paul poengterte at det var svært rart å sovna i bilen i bondegardslandskap for så å vakne opp på Monkey Island. Ocean City i Maryland er ein strandby der dei plantar tusenvis av nye palmer kvart år, sidan vinteren er for kald til at palmene overleer.

– Blant visne palmetrær og jamaicamusikk parkerte vi bandbilen og heldt radiokonsert. Det var ein veldig morosam by, sikkert eit tropisk paradis om sommaren, men nesten absurd å vera der offseason.

ORBO reiste vidare til Rehoboth Beach i Delaware same dag og avslutta turen i Richmond i Virginia.

– Plata vår har blitt spelt mykje på radio, og amerikanarar er mykje i bil, så dette har gjeve god effekt. Vi merkte at folk synes det er eksotisk at vi kjem frå Noreg. Nokre trur vi har isbjørnar midt i byane, andre har slektningar i Noreg og veit meir. Dei er ofte raske med å seia kva brøkdel norsk dei er eller slenger ut strofar som "lefse, lutefisk og pinnekjøtt".

– Alt i alt var dette ein veldig travel, men kjekk tur. Publikum varierte frå bygd til by, i bygdene er folk glade for at det skjer noko, og møter opp same kven som står på plakaten. I byene var det eit meir bevisst publikum. Dei har mykje å velja i av kulturtilbod, så der er det dei som er ekstra glade i bluesrock-sjangeren som kjem.

ORBO & The Longshots hadde også ein journalist som følgte turneen på tre av stadane.

I Oseana 12. mai

– No ser vi fram til neste tur, men først skal vi nyta det å vera heime i Os nokre veker, seier Ole Reinert Berg-Olsen.

I går spelte ORBO på UtenRicks i Knarvik, neste gong dei speler i Os blir rundt 30-årsdagen til Ole. Den blir feira med konsert i Oseana 12. mai, med venar på scenen og full blåserekke.

Siste halvdel av mai blir det ny turné i USA, til sommaren speler ORBO blant anna på Tysnesfest. Kanskje hamnar bandet også på plakaten til Osøren i slutten av juni.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.