midtsiden

11 under par!

- Dette er det største eg har gjort på ein golfbane, seier Øystein Engevik om NM-runden på utrulege 59 slag.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I fjor vann Bjørnefjorden Golfklubb lag NM for 1. divisjon, i helga tok dei ein imponerande 9. plass i eliten, der dei for to år sidan hamna sist.

Men det som rysta heile Drøbak var sisterunden til den ferske golfproffen Øystein Engevik.

- Hole in one er slikt som skjer heile tida, å gå ein runde på under 60 slag er sjeldan, også i verdssamanheng, seier Øystein Engevik til Midtsiden.no.

Sug i magen heile runden
Når du går 11 under par er det ikkje berre på dei siste hola at spenninga er stor.

- Det blei spennande heilt frå start. Eg opna med to birdie (1 under par) og ein eagle (2 under par), å ligga fire under par etter tre hol var heilt utruleg, og eg byrja å kjenna det allereie då.

- Så spelte eg det litt av meg, sjølv om eg var nervøs også før enkle, korte puttar.

På 17. slaget kom nok ein eagle. Å slå det 18. slaget blei ekstra spennande.

- Til saman hadde eg 8 birdie og 2 eagle. Det var sånn at eg også fekk råd til 1 bogey (1 over par).

Knuste Bjørnstad - uoffisielt
Skulle han spelt runden etter eige handikap så hadde han gått fire under par, i staden gjekk Øystein heile 11 under par. At runden, som er fire slag betre enn Henrik Bjørnstad sin banerekord, ikkje blir ståande som offisiell banerekord, bryr Engevik seg mindre om.

- Sidan det nyleg hadde regna blei det opna for ballplassering, så vi fekk tørka av ballane dersom den hamna utanfor fairway. Fleire stadar i Europa er ikkje dette eit hinder for at rekordar blir registrerte, men i Noreg er det opp til arrangørane.

- Men eg treng ikkje eit trofé for å gleda meg lenge over denne runden.

SJÅ RESULTATLISTE FRÅ NM

Flinke kameratar
Øystein seier han også gler seg over resten av laget sin prestasjon, lagkameratane spelte opp mot siste beste, noko som resulterte i den fine 9. plassen blant dei andre klubbane på øvste nivå i Noreg.

- Bror min Magnus har nettopp dimitert frå militæret, så han var litt rusten. Men han fekk spela nokre rundar han også.

Dei tre andre på laget frå Bjørnefjorden Golfklubb var Sverre Marcelius, Bengt Tore Olsen og Alexander Heggland.

Profftrening i Thailand
I vinter bestemte Øystein seg for å satsa på ei proffkarriere som golfspelar, og frå februar til 1. juli var han i Thailand for å trena.

- Det var ikkje noko organisert, eg styrte alt sjølv, men møtte både ein thailandsk proff som innimellom er rangert som nr 5 i verda, og ein dyktig engelsmann. Eg fekk gå rundar med begge og dei gav meg nokre gode tips.

SJÅ ØYSTEIN SIN BLOGG FRÅ THAILAND

Eit par dagar etter at Engevik kom heim deltok han i noregscup. Det enda med ein fin 2. plass. I eit regionalt stemne helga etter hadde han ikkje dagen, då blei det 6. plass.

- Neste konkurransar no er noregscup på Borre på Austlandet om knappe to veker og NM individuelt på Byneset utanfor Trondheim.

Vil kvalifisera seg
I lag-NM blei det vandrepokal og uoffisiell banerekord på Engeveik. Som proff er det ikkje berre medaljar Øystein er på jakt etter, men pengepremiar. Første steg blir å kvalifisera seg for ei turnering som kan gje inntekt ved bra spel, slike er det få av i og rundt Noreg.

- Eg vurderer tre alternativ, Europa Tour, ein tur i Asia og ein undertuor til PGA i USA.

- Asia er gunstig kostnadsmessig, truleg også når det gjeld nivå, medan meiner eg treng litt betre treningsgrunnlag for å prøva å kvalifisera meg til Europa Tour.

- No har eg nyleg vore i Asia, så førebels er USA ein god kandidat, seier Øystein Engevik.

Fleire saker