Lokal | 23. aug. 2020

1.185 hus var utan straum

Stort straumbrot på Søfteland søndag formiddag.

1.185 hus var utan straum
1.185 abonnentar i det raudmarkerte området er no utan straum. (Kart: BKK Nett)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 23. aug. 2020 09:50

Søndag formiddag var det fleire innbyggarar nord for Os som mista straumen.

Straumbrotet skjedde klokka 11.39. I skrivande stund er 1.185 abonnentar råka.

– Det er foreløpig uvisst kva som er årsaka. Vi har folk på veg ut i felten for å driva feilsøk, seier Geir Holen i BKK Nett til Midtsiden.

– Dei vil òg byrja med omkopling, for å gi straumen tilbake til flest mogleg mens dei driv med søk og eventuell reparasjon.

Det betyr at nokre vil få straumen tilbake før andre.

Enkelte vil òg oppleva at straumen vil koma og gå litt, så du bør kanskje vera rask med å koka søndagsegget ditt, om du får straumen tilbake.

OPPDATERT kl 12.28: Omkopling har gjort at mange har fått straumen tilbake - no er det berre 221 igjen.

– Vi har foreløpig ikkje funne feilen, men det nærmar seg nok. Vi trur ikkje det er snakk om tre over linje, men anten ein feil på kabel i bakken eller i ein trafo, seier Holen.

Blant dei som er glade dei har fått straumen tilbake, er Er-An Veikro på Røykenes.

– Vi har svært mange bordbestillingar i dag, og er fullbooka frå klokka 15 til 17. Med mykje råvarer på lager kunne dette blitt katastrofe, men takka vera raske og forståelsesfulle folk hos BKK Nett fekk vi fort straumen tilbake, seier innehavar Lnda Andersen nøgd.

OPPDATERT kl 13.18: Dei siste fekkk straumen tilbake rundt klokka 13.00.

– Vi har òg funne feilen, det er ein kabelfeil på ein kabel som ligg i bakken. Årsaka til feilen veit vi ikkje, men vi har kopla forbi denne. Om vi graver og reparerer i dag eller i morgon, har vi foreløpig ikkje bestemt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.