Lokal | 07. feb. 2019

1188 mista straumen etter sprenging

Store delar av Skeie var utan straum i nesten ein time.

1188 mista straumen etter sprenging
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. feb. 2019 11:41

Torsdag i 11.40-tida gjekk straumen på Nore Neset.

– Det skal ha vore eit uhell i samband med sprenging i Skeisbotnen, opplyser informasjonsrådgjevar Anne Mette Tuvin hos BKK Nett.

1188 abonnentar var utan straum. Straumbrotet skal òg ha ramma Nordstrøno, Ulven og Drange.

I 12.30 blei det lys og varme igjen.

– Vi har kopla om så alle har fått straumen tilbake. Feilen er ikkje retta, og eg veit førebels ikkje om skaden er på kabel i bakken eller i luft, fortel Tuvin.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.