12 av 27 syndarar fekk bot i Lepsøykrysset
Skreiv forelegg for 81.600 kroner på 1,5 time.

– Vi kunne ha skrive forelegg for 500.000 kroner på to timar, sa politiet etter å ha observert køyremønsteret i krysset mellom Lepsøyvegen og E39 Halhjemsvegen i starten på september.
Om du ikkje stoppar heilt opp ved stoppskilt, tilsvarande sån som er på Lepsøyvegen når du skal ut på E39, får du 6.800 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet.
Onsdag formiddag rigga dei seg til med kontroll, og det blei nesten tilsvarande resultat som under observasjonsrunden.
– Frå 10.30 til 12 blei det skrive 12 forenkla forelegg. I tillegg blei det observert 15 syndarar som patruljen ikkje hadde kapasitet til å ta inn på plassen, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.
Éin syndar per tredje minutt synest politiet er urovekkande.
– Ikkje berre er det alvorleg med brot på plikta til å stoppa, dette er eit ulykkesutsett kryss. Folk må verkeleg byrja å skjerpa seg, synest Lyssand.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Fra 36 kr/uke
Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.