Ny båt gir 12 ledige stillingar hos Samba Marin
– Me er spesielt interessert i kollegaer frå nærmiljøet. Kanskje er nettopp DU kvalifisert, utan å veta det, seier mannskapssjef.


ANNONSØRINNHALD:
Samba Marin, som er i ferd med å flytta inn i eit flott, nytt kontorbygg, har vakse til rundt 65 tilsette.
I september har det store nybygget MS «Fox Master» venta ankomst til basen på Amundsneset på Sundøya.

Det er òg bestilt yttarlegare to nybygg som kjem i drift i 2026 og starten på 2027.
– Fox Master får mannskap frå fleire av båtane våre, så me fordeler erfaring og kompetanse utover flåten vår.
– Me treng fleire folk til både nybygget og resten av flåten, seier mannskapssjef Camilla Johansen.
- Sjå stillingane og link til søknad nedst i artikkelen.
Kanskje er nettopp DU kvalifisert
Johansen har inntrykk av at det finst mykje god arbeidskraft som ikkje sjølv er klar over at dei er kvalifiserte til å bli del av Team Samba Marin.
– Du kan ha mekanisk bakgrunn frå land og få jobb som motorpassar på ein av båtane våre – eller vera kranførar eller kokekyndig – nemner mannskapssjefen som eksempel.

– Me har fleire nevenyttige, utan fartstid på båt, som har blitt dyktige medarbeidarar hos oss. Med helseattest og sikkerheitskurs (IMO-50) kan du koma langt.
– Fleire av våre tilsette har tatt ulike kurs etter at dei blei tilsett, for eksempel D6 (Dekksoffiser klasse 6-sertifikat, gir førarrett til båtar inntil 24 meter lengde).
Frå bilverkstad til motorpassar på båt
Éin av dei Samba-tilsette med landkrabbe-bakgrunn er Endre Skåla. Han jobba i mekanisk industri før han fekk lastebilsertifikat i løpet av førstegangstenesta.
Så følgde fleire år bak rattet og under lastebilen, med eigen verkstad, før han bestemte seg for å prøva noko heilt anna.

– Eg kjenner Samba-gründerane, spesielt Jan Erling Røttingen, og det er sikkert 20 år sidan første gong me snakka om at eg burde bli ein del av mannskapen.
– I 2023 steig eg om bord. Eg var spent, men eg har ikkje angra, seier Endre.
– Det er eit veldig godt arbeidsmiljø i bedrifta, oppgåvene er veldig varierte og eg har fått utvikla meg fagleg. Nett no held eg på med D5 (kystskipparsertifikat).
Av og for lokal arbeidskraft
Samba Marin har tilsette frå ulike plassar i Vestland, og personell som kjem med fly.
– Hovudtyngda av mannskapen er likevel lokal arbeidskraft.
Det var òg lokale krefter som blei essensielle då fetrane Jan Erling Røttingen og Bjørn Anders Brimsholm overtok MS Samba.
Dei heldt på sine eigne jobbar på andre båtar, køyrde Samba i friperiodane og bygde selskapet gradvis opp ved å engasjera andre i det maritime nærmiljøet.
– Me er stolte over å skapa lokale arbeidsplassar og glade for at mange frå Os, og resten av Bjørnafjorden og bergensområdet, ønskjer å jobba hos oss.
«Kokekyndig» med prøvekaninar
Sebastian Bruarøy er ein av dei tilsette som tidleg staka seg ut ein kurs retning eit yrkesliv på fjordane. Han er oppvaksen i Samba Marin sin skjergard i Søre Øyane, gjekk TIP på vidaregåande og tok maritime fag i Stavanger.
– Eg var lærling på ein tauebåt. I 2017 fekk eg vera vikar hos Samba, etter nokre veker fekk eg tilbod om fast jobb. Eg var ei stund tilbake i tauebåtreieriet, men frå 2022 jobba eg for Samba igjen.
– Det er eit veldig fint miljø i firmaet, både om bord på båtane, mellom båtane og elles i reiarlaget, synest han.

Sebastian jobbar som kokekyndig matros.
– Det betyr at eg har ansvar for måltida, men deltar i matrosoppgåver mellom måltida. I tillegg er eg verneombod.
– Så du har kokkeerfaring òg?
– Eg hadde ingenting, men er interessert i matlaging. Det blei ein del Matprat.no i starten, så kollegaene mine har vore prøvekaninar. Det har ikkje berre vore skryt å få, men alltid ein venleg tone, seier Sebastian og ler.
Solid og framtidsretta
Samba Marin er eit servicebåtrederi som leverer førsteklasses maritime tenester til havbruk og maritim industri. Me har ein stor flåte som stadig blir modernisert, og driv med mål om kvalitet, sikkerheit og bærekraft i alle operasjonar
Omsetnaden til Samba Marin AS har vakse frå 80 millionar kroner i 2017 til 173 millionar i 2023, dei to siste åra med over 30 millionar i driftsresultat.
– Me sikrar at havbrukinstallasjonar og fartøy blir halde i topp stand, me har spesialiserte team, blant anna ROV-pilotar, og me driv med transport av personell og utstyr til og fra offshore lokasjoner.
– Hos Samba Marin kan du som arbeidstakar få varierte oppgåver og sjanse til å utvikla deg innan ulike maritime fag – i eit støttande og dynamisk miljø.
Tilsette på båtane våre jobbar i turnus, tre veker på og tre veker av.

Samba Marin er òg lærebedrift.
Du kan alltid senda ein open søknad til Samba Marin.
Stillingane som no er ledige er:
- Skipsførar - fleire fartøy
- Styrmann - fleire fartøy
- Motorpassar/lettmatros – fleire fartøy
- Matros/lettmatros– fleire fartøy
Les meir og send søknad på samba.no/ledig-stilling






