Lokal | 31. juli 2020

13 nye ladestasjonar i Os sentrum

Her er dei plasserte.

13 nye ladestasjonar i Os sentrum
Ein av dei 13 nye ladestasjonane i Os sentrum. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 31. juli 2020 09:57

I desember 2014 blei mengda ladestasjonar for elbil dobla frå 6 til 12 i Os sentrum.

No er nokre av desse skifta ut - i alt 13 nye ladestasjonar kom i førre veke i drift, melder Bjørnafjorden kommune.

  • 4 på Kyrkjeflaten ved Tunet
  • 6 ved Os Aktiv
  • 3 ved Bjørnafjorden rådhus

Ladestasjonane er administrert av BKK. Du kan bruke Bilkraft appen for å lada elbilen din.

Når det kjem til oversikt over alle stasjonar i kommune ser verken ladestasjoner.no eller elbil.no sine kart ut til å vera komplette.

– Skal du verkeleg ha oversikt over ladepunkt til det nærmast paranoide, lastar du ned både appane til leverandørane og den eller dei frittståande appane som du liker best, skriv NAF.no i si anbefaling.

I ruteplanleggaren til NAF kan du òg huka av og finna registrerte ladepunkt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.