13000 bilar skal betala 32,8 millionar
I desse dagar sender Skatteetaten ut krav om årsavgift for 13 027 køyretøy i Os. Neste år blir det endringar i innkrevinga.
Skatteetaten sender i desse dagar ut krav om årsavgift for 315 378 køyretøy i Hordaland. Tilsaman er kravet på 779 543 234 kroner. Av desse er 13 027 av køyretøya registrert med adresse i Os. Tilsaman skuldar osingane 32 867 370 kroner.
– For at du ikkje skal betale meir enn nødvendig er det viktig å betale kravet for 2017 innan forfallsdato 20. mars, seier pressesjef i Skatteetaten Merete Bergeland Jebsen i ei pressemelding.
Køyretøyeigarar som ikkje betaler årsavgift innan forfallsdato må betale tilleggsavgift.
Endrar ordninga
Årsavgift for 2017 blir betalt som i fjor til Skatteetaten. I 2018 blir årsavgifta erstatta av ei trafikkforsikringsavgift som skal krevjast inn av forsikringsselskapa.
Den nye avgifta vil følgje forsikringsavtalen på køyretøyet. Sidan ein forsikringsavtale gjeld for eitt år av gangen, vil enkelte allereie i år få faktura med trafikkforsikringsavgift for 2018.
Dette kostar det
Satsane for 2017 er på 2820 kroner for bil under 7500 kg, 3290 kroner for bil under 7500 kg, disel utan fabrikkmontert partikkelfilter, 1960 kroner for motorsykkel og 455 kroner for elbilar, veteranbilar, moped, traktor, taxi med hovudløyve.
Om du er for sein med å betala får du ei tilleggsavgift på 350 kroner om du har bil eller motorsykkel og på 50 kroner om du har elbil, veteranbil, moped, traktor, taxi med hovudløyve.
Bileigar er ansvarleg for betaling
Den som stod som eigar av registrert køyretøy hos Statens vegvesen 1. januar 2017, er ansvarleg for å betale årsavgifta. Sel du køyretøyet ditt før 20. mars, er du likevel ansvarleg for at årsavgifta for 2017 blir betalt.
– Hugs å melde eigarskifte til Statens vegvesen. Det er datoen melding om eigarskifte vert registrert hos Statens vegvesen som blir rekna som dato for eigarskifte, skriv skattetaten i pressemeldinga.
Vrakar du bilen innan 20. mars slepp du betala
Leverte du registreringsnummerskilta til Statens vegvesen innan 31. desember 2016, skal du ikkje betale årsavgift for 2017.
– Du skal heller ikkje betale viss du vrakar køyretøyet seinast 20. mars hos ein godkjend vrakplass eller bilopphoggar, seier skatteetaten.