Kultur | 30. juni 2019

1.400 ender i løp på ny bane

Baronselvo eigna seg godt til Os Handball si publikumsvenlege loddtrekning.

1.400 ender i løp på ny bane
Kanskje nokre av endene skulle fått seg ein dytt i ryggen? (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 30. juni 2019 17:18

Bildeserie:

1 av 10

Det var noko mystikk rundt den store, opplåsbare anda som i 2014 dukka opp på hustak, i politiet sitt søkelys og i flukt på veg til Fusa.

Os Turn si handballgruppe avslørte at den var mor til 2000 nyinnkjøpte badeender som skulle bli deltakarar i årlege andeløp i Oselvo - som ei avansert og underhaldande form for loddsal.

Under Osdagane var det laurdag var det tid for årets andeløp, det sjette i rekka, men mangel på bemanning gjorde at Os Handball måtte snu seg rundt til ny, kanskje endå betre arena.

– Vi hadde ikkje mange nok folk til å plukka ender i Oselvo. Det krev sitt å sikra at ingen forsvinn ut i fjorden, seier styremedlem Tore Hisdal.

Alternativet blei bekken «Baronselvo», som renn forbi den fine plassen bak Jernia og Bakketeig. Denne har lågare vassføring og er enklare å handtera for arrangørane. I tillegg er det sentrumsnært og publikumsvenleg, både fordi løpet blei delt i fleire heat med finale, og fordi det er trapper å sitja i langs Baronselva.

– Spør du meg kan vi halda fram med å ha det her. Det er førebels ikkje bestemt, men det fungerte veldig fint, synest eg.

Vann 10.000 kroner

Endene er nummererte, og kvart nummer er på førehand selt som eit lodd.

Responsen har halde seg stabilt god, i år var over 1.400 lodd selte.

Dei 10 raskaste endene i finalen bli sorterte ut i eigen håv.

Førstepremien var eit gåvekort som kan brukast mange stadar - med ein verdi på 10.000 kroner.

Konferansier Mona Stigen Heggeland var noko brydd då ho las opp namnet på loddkjøparen med den raskaste anda.

Det var nemleg Mona si mor, Astrid Breivik.

Einar Borgen vann 2. premie, som er ein tur med helikopter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.