Samferdsle | sju timar sidan

1400 utan straum

Onsdag morgon blei det registrert eit større straumbrot i Bjørnafjorden kommune.

1400 utan straum
FOTO: BKK straumbrotkart
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesonsdag 18. mars 2026 08:49 - Sist oppdatert sju timar sidan

Onsdag morgon blei det registrert eit større straumbrot i Bjørnafjorden kommune.

Brot blei registrert ved Søfteland klokka 07.57.

Klokka 08.45 er 1405 kundar utan straum, opplyser BKK til BA.

Selskapet jobbar med feilsøking for å finne årsaka til brotet.

Problemet er forventa løyst innan klokka 11.00

Cirka klokka 09.00 har dei fleste fått tilbake straumen.

Ifølge straumkartet er framleis bustadar i Gåssandområdet utan straum.

Foto: BKK straumkart klokka 09.15
Foto: BKK straumkart klokka 09.15

Klokka 14.05 hadde alle bustadane fått tilbake straumen.

– Vi hadde brot tidlegare i dag. Det var ein feil på linja som vi har brukt dagen på å reparere og alle har no fått straumen tilbake, fortel presseansvarleg frå BKK.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om