1,5 milliard i skatter og avgifter
Osingane bidrog i 2013 med vel 1,5 milliard kroner i skatter og avgifter. Onsdag kom det endeleg skatteoppgjeret.
Skatteoppgjeret for inntektsåret 2013 blei klart onsdag. Fasiten er at fleire får meir igjen, medan færre får restskatt.
Nøkkeltala for Os:
Antall skattytarar i ligningsmanntallet: 13 487
Antall skattytarar med oppgjer: 13 030
Sum utligna skatter og avgifter: 1511,2 mill kr
Antall skattytarar med tilgodeskatt: 10 564
Tilbakebetalt til saman: 144,2 mill kr
Snitt pr skattytar: 13 651 kr
Skattytarar med restskatt: 2 274
Må betale inn til saman: 54,8 mill kr
Snitt pr skattytar: 24 116 kr
Fleire har pengar til gode
Fordelt på 371 389 skattytarar i Hordaland, er det utlikna kr 43,3 mrd. i direkte skattar og avgifter. 303 403 skattytarar får i snitt kr 13 462 tilbake. I fjor hadde til samanlikning 289 250 skattytarar pengar til gode, med gjennomsnittleg tilbakebetaling på kr 12 628 kvar.
Færre får restskatt
Færre skattytarar i Hordaland får restskatt. Men dei det angår, må i snitt betale meir enn året før. Til saman 63 066 skattytarar må betale kr 1,56 mrd. Det blir i snitt kr 24 754 å betale på kvar. I 2012 fekk 69 429 personar i Hordaland kr 1,59 mrd. i restskatt, då med gjennomsnittleg kr 22 967 å betale på kvar.
Skattelistene for 2013 blir offentleggjorde på skatteetaten.no fredag 17. oktober.
96 prosent er tilfreds
Som fyrste offentlege verksemd i Noreg tok Skatteetaten i år i bruk det nye offentlege kontakt- og reservasjonsregisteret då skatteoppgjera skulle sendast ut. I ei undersøking gjort av Opinion AS i juni, seier 96 prosent av dei spurde at dei var nøgde med måten dei fekk skatteoppgjeret på i 2014.
- Både Skatteetaten og skattytarane er særs nøgde med det digitale skatteoppgjeret. Vi jobbar vidare med å utnytte dei digitale moglegheitene på ei rekkje område. Dette vil lette arbeidsflyten både for publikum og oss, seier avdelingsdirektør Marta Johanne Gjengedal, Fastsetjing i Skatt vest.