Politiet rykte ut til Særvoll i går. No ber dei om tips etter tjuveri av båtmotorar. (Arkivfoto/ill. foto: KVB)
Politiet rykte ut til Særvoll i går. No ber dei om tips etter tjuveri av båtmotorar. (Arkivfoto/ill. foto: KVB)

150 hk stolen frå Særvoll

Eigaren fann båten sin delvis på land, utan motor.

Kjetil Vasby Bruarøy
22. september 2019 - 9:09

I 13-tida laurdag fekk politiet melding om tjuveri av båt frå Særvollvika.

– Eigar fann båten sin igjen i same område, men delvis på land, og utan motor, fortel politiet.

Motoren er ein 150 hk Yamaha.

– Det låg òg ein annan båt utan motor på same stad. Spor på staden tilseier at nokon har kome med tilhengar på land for å ta med seg motorane.

Tjuveria har skjedd ein gang mellom søndag 15. og fredag 20. september. Politiet ber om tips.

Dei oppmodar òg andre båteigarar om å sjekka båtane sine.

Høg fart på Halhjemsvegen

Ein mann som blanda seg då politiet kontrollerte nokre motorsyklar i Os sentrum, var så ivrig at han fekk pålegg om å fjerna seg frå sentrum. Dette var rundt midnatt.

Klokka 00.52 blei ein bil stoppa på Halhjemsvegen. Vedkomande hadde høg fart, bilførar fekk tilsnakk. Han fekk òg beskjed om å fjerna ei stor mengde wonderbaum som hang i spegelen og gav redusert sikt.

Fjerna feilparkert bil

Politiet fekk i går tips om ein bil som sto merkeleg plassert i Lekvenmarka.

Eigar var ikkje lett å få tak i. Bilen sto delvis parkert på fortau og delvis ut i vegbanen på ein måte som blei vurdert som trafikkfarleg.

Politiet bestilte tauing av bilen, som blei fjerna i 2-tida i natt.

Les meir om

Lokal Politi