Lokal | 28. des. 2017

15.000 har besøkt Lysøya

9.300 av dei vitja også Ole Bull Museum Lysøen.

15.000 har besøkt Lysøya
9.600 var innom dørene på Ole Bull Museet Lysøen i 2017 (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 28. des. 2017 11:43

Aldri før har så mange vitja KODE Kunstmuseer og komponisthjem, som i byrjinga av desember hadde runda ein kvart million besøkande.

– Sommaren og hausten har vore heilt fantastisk for oss, seier Petter Snare, direktør for KODE.

– Tala har auka jamnt gjennom heile året. Det tek vi som eit teikn på at vi når ut både til tilreisande og lokalpublikummet vårt, noko vi er særs glade for.

6% auke

I 2016 blei det eit rekordår for Ole Bull museum Lysøen med heile 26% auke frå 6949 til 8797.

– Totalt har vi i 2017 hatt 9300 besøkande på Lysøen, altså ei auke med 6 prosent frå i fjor. Lysøen er ikkje der vi har den største stigninga, men dei har hatt fleire konsertar i år, mellom anna «Trollbundet av Ole Bull» med konsert, omvisning og transport frå turistinformasjonen i Bergen kvar søndag i juli og august, fortel Maria Tripodianos, kommunikasjonsrådgjevar i KODE til Midtsiden.

Teller alle på øya

Tripodianos fortel også at dei no har teljere som tel alle som vitjar Lysøya.

– Det er litt moro å sjå på dei nye teljarane vi satte opp på området i fjor. Dei kan gi oss eit bilete som inkluderer alle som tek dei flotte skogsområda på øya i bruk.

– Dei viser at rundt 15.000 har vitja øya i 2017, avsluttar Tripodianos.

Størst auke har det vore på KODE sine kunstmuseer som auka med over 16 prosent. Edvard Grieg Museum Trodhaugen hadde 13 prosent fleire besøkande, medan Siljustøl hadde 16 prosent auke.

Sjå også: På innsio: Lysøen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.