Gratulerer med dagen!
Osøyro er rigga for fest - her er programmet.

Kjære sambygdingar, gratulerer med dagen!
For fleire av dykk er festen allereie i gang, frukost har blitt det store, ikkje minst for dei yngre vaksne.
Klokka 08 i dag bles Os musikkforening i gang i Finnebrekka, for så å marsjera til Solstrand.
Sånn såg det ut i fjor:

I mellomtida er det siste finpuss fleire stadar, blant anna i Os sentrum.
– No stenger vi av sentrum og nokre av parkeringsplassane, og så ventar vi spent på å sjå korleis årets seremoni og tog blir, seier komitémedlem Tore Kleppe.
– Eg trur det blir flott når flaggborg og korps blir ståande framfor Fana Sparebank mens toget kjem inn til avslutting, seier komitékollega Anders Hjelle.
Samtidig plukkar varaordførar og komitémedlem Harald Lekven opp dei siste benkane frå hengar.
Vêret er også framleis spennande. I førre veke sa langtidsvarselet 17 gradar og sol, men det blei seinare redusert til 7 gradar og delvis skya.
I dag melder Yr lettskyra og 10 gradar, Storm melder overskya og 7 gradar.
Bildeserie:
I hamna ligg det likevel fleire båtar, og bubilparkeringa er full. Det er også venta eit folkeliv på Osøyro under toget - og etterpå - på restaurantar, rundt salsbodar og på jazzkonsert på Oseana.
PROGRAMMET
08.00 Os musikkforening speler i Finnebrekka
10.00 Gudsteneste i Os kyrkje
10.50 Festprogram i Minneparken
- Song ved Os Mannskor
- Helsing frå ordførar
- Tale ved russepresidentane
- Song og talar frå Kuventræ barneskule
- Os Musikkforening speler til allsong
11.30 Oppstilling til hovudprosesjon frå Giskavollen
12.00 Avgang 17. maitog

13.00 Avslutting av fellesfeiring på Torget
17.00 Konsert på Oseana med Osøren Jazzensemble og Marita Moe Sandven
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.