Kultur | 06. mai 2024

17. mai: Med invitasjon og reglar til russen

Ønskjer russebilar i toget, på visse vilkår.

17. mai: Med invitasjon og reglar til russen
17. maikomiteen vil unngå at ungar løper mellom og bak russebilane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 06. mai 2024 14:20

Kultursjef Erik Vangsnes har i dag, på vegner av 17. maikomiteen i Os sentrum, sendt epost til russepresidentane i Bjørnafjorden kommune.

– Russen er, som før, velkomen i hovudprosesjonen på Osøyro, skriv Vangsnes.

Samtidig har medlemmane i komiteen sett noko som tidlegare år har sett risikofylt ut.

– Vi har sett at det er ei utfordring med born som ønsker å få russekort, og som er rundt bilane i fart.

Etter ei risikovurdering og innspel frå politiet, blir det i år nye reglar og oppmodingar:

  • Det er krav om at kvar russebil må ha ein gåande vakt som følgjer kvar bil i prosesjonen. Denne vakten må ha gul vest og vera over 18 år.
  • Dei ber russen om ikkje å kasta russekort frå bilane.
  • Russen blir òg beden om ikkje å sitja på taket mens bilen er i fart, og at dei ryddar etter seg der dei er.

Vangsnes legg ved annan praktisk informasjon saman med eit kart.

Som i fjor kan russebilane stilla opp på parkeringsplass ved BilXtra og Bjoarvik Trafikkskole.

Bilane bli tilvist plass til slutt i prosesjonen når den kjem forbi.

– Bilar utan vakt får ikkje vera med i prosesjonen.

Komiteen set av plass på parkeringsplassen framfor rådhuset til russebilane etter prosesjonen. Plassen er reservert fram til kl 14.00

– Russetalen til Magdalena Bezucha er på Kyrkjeflaten mellom klokka 12.30 og 13. Vi håper mange av russ stiller høyrer på Magdalena.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.