Næringsliv | 19. mars 2010

170 mill på 5 månadar

Sundag er første vising på det største bustadsprosjektet i Os til no. Målet er å selja 40 av 84 før september.

170 mill på 5 månadar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. mars 2010 06:31

Bildeserie:

1 av 8

På sikt skal det koma rundt 150 husvære i Storbergen Boligbyggelag sitt prosjekt mellom Os sentrum og Mobergsvikjo, Os Sjøfront. No startar salet på dei 84 husværa som ligg nærmast sjøen.

SJÅ FLEIRE BILDE NEDST I ARTIKKELEN

- Vi har 200 interessentar, 50 av dei frå Os, på liste før første vising. No er vi spente på responsen, seier dagleg leiar i Os Sjøfront, Tor Inge Døsen.

Nye medlemmar
Sundag er det vising på tomta, som i dag er prega av byggearbeidet på kunst- og kultursenteret Oseana. Døsen har leigd ein del av Peppes Pizza som base for dagen, og får med seg ein god delegasjon frå Storbergen Boligbyggelag til salsstart.

- Det ser ut til å vera stor interesse for prosjektet blant bergensarar, men også mange osingar er nok klare for å koma seg nærmare sjøen. Berre på nokre få dagar i februar fekk vi 30-40 nye medlemmar i boligbyggelaget, seier kommunikasjonssjef Espen Børhaug.

Husværa blir selte til fast pris og blant medlemmar som melder si interesse for prosjektet er det dei med best ansiennitet som får velja først. Første salsmøte blir rett over påske, 7. april.

Sel to blokker først
I fjor bestemte Os Sjøfront-leiinga seg for å ikkje å fylla med stein i sjø, men å bygga ei 6000 kvadratmeter stor kaiplate som fire av dei fem etasjar store blokkene skal stå på. Dei bestemte seg også for å selja dei som skal ligga nærmast bryggekanten først.

- Det er for at ikkje dei som kjøper nærmast vegen skal vera usikre på kva dei får framfor seg, sa Døsen den gong.

Alle dei fire blokkene på kaien blir bygd i eitt trinn, men salet er delt i to. I starten er det dei to blokkene nærmast Oseana du kan kjøpa husvære i, blokk H med 18 husvære (4 etasjar med 4, 2 på toppen) og blokk I med 23 (4 etasjar med 5 husvære, 3 i 5. etasje).

170 millionar på 5 månadar
Målet er byggestart i september. Dei første 7 månadane kjem til å gå med til å pæla støtter og å støypa kaiplata.

- Når vi har selt rundt 40 husvære så set vi i gong med kaiplata og seinare alle dei fire blokkene. Målet er å klara dette innan september.

Med byggestart 1. september blir det innflytting 15. juni 2012. For å klara det må Storbergen selja husvære for 170 millionar kroner på fem månadar.

Ut frå prislista ser vi at dei 18 husværa i H-blokka til saman kostar 89,3 millionar kroner medan dei 23 husværa i I-blokka kostar 80,5 millionar kroner. Snittprisen per husvære i H-blokka blir nærmare 5 millionar kroner, medan den i I-blokka ligg på 3,5 millionar kroner.

Billigast og dyrast
Vil du fleska skikkeleg til i fjøresteinane i Os kan du kjøpa ein av dei to i toppetasjen på H-blokka, H 501 er på 145,1 kvm og kostar 8,9 millionar, H 502 er på 159,2 kvm og kostar 7,9 millionar kroner.

Dei billigaste husværa blant dei første 41 som blir lagt ut for sal kostar 1.750.000 og 1.850.000 kroner. For denne summen kan du få deg eit husvære på 51,7 kvm i 1. etasje i I-blokka.

Elles ligg mange av prisane på mellom 3 og 5 millionar kroner for ein treroms på rundt 80-90 kvm.

Om Os Sjøfront, første byggetrinn:
• 4 blokker, kvar på 5 etasjar, med til saman 84 husvære
• Husvære på mellom 52 og 159 kvm, dei fleste på 80 til 100 kvm BRA
• Blokk H: 18 husvære, I og J 23 kvar, og K med 20 husvære
• Parkeringsanlegg med plass til 125 bilar + 5 kvm bod til kvar
• Heis i kvar blokk og universell utforming på uteområde og halvparten av husværa
• Rundt 200 båtplassar i prosjektet, nokre av dei for sal for huskjøparar, nokre for andre. Det kjem også båtplassar for gjestar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.