Næringsliv | 17. sep. 2020

17,8 millionar koronakroner til kultur og idrett

Offentlege og private verksemder kan no søkje fylkeskommunen om støtte til planlagt kultur- og idrettsaktivitet, som får auka utgifter på grunn av koronapandemien.

17,8 millionar koronakroner til kultur og idrett
Offentlege og private verksemder kan no søkje fylkeskommunen om støtte til planlagt kultur- og idrettsaktivitet, som får auka utgifter på grunn av koronapandemien. Foto: Arkiv
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtorsdag 17. sep. 2020 09:31

Hovudutvalet vedtok å lyse ut midlane i møtet 16. september. Det kjem meir informasjon om korleis ein går fram for å søkje om dei ekstraordinære koronamidlane på nettsida til fylkeskommunen når dette er klart.

– Koronakrisa gjer at mange aktørar har måtta redusere aktiviteten sin betrakteleg, og dei har ikkje fått den innteninga dei skulle hatt. Pengane vi lyser ut no er ekstraordinære midlar som skal gå til ordinær aktivitet. Vi vil bidra til å oppretthalde aktivitet på både idretts- og kulturfeltet, sjølv med dei restriksjonane som pandemien fører med seg, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering.

Offentlege og private verksemder kan no søkje fylkeskommunen om støtte til planlagt kultur- og idrettsaktivitet, som får auka utgifter på grunn av koronapandemien. Foto: Arkiv
Offentlege og private verksemder kan no søkje fylkeskommunen om støtte til planlagt kultur- og idrettsaktivitet, som får auka utgifter på grunn av koronapandemien. Foto: Arkiv

Til saman 35 millionar til kultur og næring

Dei 17,8 millionar kronene kultur- og idrettslivet no kan søkje om, er halvparten av summen fylkestinget løyvde i juni for å dempe koronaverknadane for nærings- og kulturlivet. Hovudutval for næring fordeler den andre halvparten etter at saka har vore oppe på hovudutvalsmøtet i oktober.

Pengane er del av overskotet i Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommunar i 2019.

Lyser ut breitt

Søknadsfristen blir 1. november, og det er mogleg å søkje om støtte til aktivitet i både 2020 og 2021. Hovudutvalet har bestemt at pengane skal lysast ut breitt inn mot felta idrett og friluftsliv og både frivillig og profesjonelt kulturliv.

– Mange blir ikkje plukka opp av dei statlege ordningane, og det er desse vi ønskjer å nå i denne omgangen. Slik vil vi vere med og gje kultur- og idrettssektoren mest mogleg føreseielege rammer for å halde oppe aktiviteten, seier Davies.

Offentlege og private verksemder kan no søkje fylkeskommunen om støtte til planlagt kultur- og idrettsaktivitet, som får auka utgifter på grunn av koronapandemien. Foto: Arkiv
Offentlege og private verksemder kan no søkje fylkeskommunen om støtte til planlagt kultur- og idrettsaktivitet, som får auka utgifter på grunn av koronapandemien. Foto: Arkiv

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.