Lokal | 12. apr. 2012

18 dagar for fyllekøyring

Med 1,88 i promille blei osdama stoppa av politiet. Det blei ei dyr erfaring.

18 dagar for fyllekøyring
ill.foto: AH
Andris Hamretorsdag 12. apr. 2012 16:07

Tidlegare denne veka måtte ei dame i midten av 40-åra frå Os møte for Norhordland Tingrett tiltalt for å ha køyrd bil i berusa tilstand ei natt i fjor haust.

Då det blei teke blodprøve av kvinna natta ho blei stoppa synte denne ein alkholkonsentrasjon på 1,88 promille.

I retten tilsto kvinna å ha ført bilen, noko som òg blei støtta av dei øvrige opplysningane i saka.

Påtalemynda hadde foreslått at kvinna skulle dømmast til 24 dagar i fengsel og få ei bot på 40 000 kroner. I tillegg meinte påtalemynda at ho skulle mista førarkortet i 2 år og seks månader.

18 dagar, 30 000 og to år

Retten fann at kvinna skulle dømmast til 18 dagar ubetinga fengsel noko som blei grunngjeven med at ho hadde tilstått og at ho har eit førsørgjeransvar. Retten mente òg at ei bot på 30 000 kroner var meir riktig i høve til kvinna sin inntekt.

Når det gjaldt tap av førarkort fann retten det riktig at kvinna mista lappen i to år og at ho må avleggje ny full førarprøve før ho kan få førarkortet på nytt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.