Lokal | 02. sep. 2020

1,9 millionar skal delast ut til lokal næring

Eit ekstraordinært næringsfond har blitt oppretta. Kven kan søka?

1,9 millionar skal delast ut til lokal næring
Eit ekstraordinært næringsfond har blitt oppretta i Bjørnafjorden kommune. Foto: KVB.
Ørjan Håland
Ørjan Hålandonsdag 02. sep. 2020 08:09

Kommunane har fått løyvd ekstraordinære midlar øyremerkte kommunale næringsfond for å motverke dei negative effektane av covid-19-utbrotet.

Løyvinga til Vestland fylkeskommune er totalt 75,3 millionar kroner. Bjørnafjorden kommune har fått tildelt 1 900 281 kroner av desse.

Kven og kva blir vektlagt

Målgruppa for ordninga er bedrifter og andre næringsaktørar som legg til rette for/gir støtte til næringsutvikling. Midlane skal nyttast til bedriftsretta støtte og andre næringsretta tiltak som kommunen meiner er viktig. Betydning for arbeidsplassar, verdiskaping og økonomisk aktivitet blir vektlagt.

Dei ekstraordinære midlane kan bli gitt som tilskot til utviklingstiltak og skal ikkje nyttast til ordinær drift eller løpande driftskostnader.

– Det er særleg to bransjar vi er uroa for i vårt fylke. Den eine er reiseliv, den andre er leverandørindustrien, fortrinnsvis maritim og offshore leverandørindustri. For begge næringar håper eg dagens tildeling vil hjelpe, seier Tor André Ljosland, leiar av hovudutval for næring i Vestland fylke.

Tilskotsreglar og frist

Samla tilskot frå næringsfondet skal som hovudregel ikkje overstige 50 prosent av prosjektet sitt kapitalbehov, og det skal aldri overstige 75 prosent. Midlane skal gå til dei som har eit reelt behov og behovet skal vere dokumentert i søknaden.

Tildelt støtte må brukast innan eitt år frå vedtaksdato, men det er mogleg å søkje om utsetting. Søknadsfrist er satt til 1. oktober 2020.

Her kan du lesa meir om det nye næringsfondet til kommunen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.