198 kroner til Redd Barna
Då Thea fann to fine steinar fekk ho idé om å laga loppemarknad. Venninnene var med og inntekta blei fin.
Tysdag ettermiddag fann Thea Skoglund Lokøen (8 1/2) to fine steinar på veg heim frå skulen.
– Eg tenkte eg kunne selja dei og saman med venninna mi Anna fann vi fleire ting vi kunne selja, fortel Thea.
Anna tok med veslesøstera og dei tre rigga opp til loppemarknad midt i bustadfeltet i Varåsen.
– Vi sto frå klokka 15.30 og utover til 19.30. Det var mange som ville kjøpa!
Inntekta blei på heile 198 kroner. No skal foreldra hjelpa dei flinke ungane å få pengane inn på kontoen til Redd Barna.
– Vi vil at Redd Barna skal få dei, for dei hjelper mange som det er veldig synd på, seier Thea og Anna.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.