199 hus utan straum

Eit tre velta over høgspent laurdag morgon.

Dette var årsaka til dagens straumbrot aust om elvo. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. mars 2021 12:11

Laurdag klokka 09.33 mista fleire hundre bustadar i Borgavegen og på Hjelle straumen.

Omkopling gjorde at det enda i 199 abonnentar, men feilen blei raskt funnen og BKK Net kunne annonsera at straumen kjem tilbake klokka 12.30.

Eit tre som har velta over høgspent var årsaka, og problemet blei løyst rett før klokka 12.

Klokka 12.12 var BKK Nett sitt kart over planlagte og ikkje planlagte utkoplingar oppdatert med at alle har fått straumen tilbake.

199 abonnentar var utan sraum frå 09.33 til rundt klokka 12. (BKK Nett)

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.