2. plass i Bergen City Marathon

Hilde Eirin Lohne kom på 2. plass i dameklassen i Thon Run 5 km under Bergen City Marathon i helga.

Hilde Eirin Lohne etter løpet (privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 29. apr. 2014 15:13

Hilde Eirin Lohne (17) frå Os Turn si friidrettsgruppe sprang i mål på 24.07,00 på 5,5 km lange Thun Run 5 km under Bergen City Maraton i helga.

– Ho valte denne distansen fordi det er 3000 og 5000 meter ho konkurrer mest i, fortel trenar Mari Lund Eide.

– Hilde Eirin har hatt nokre sinnsjuke tider på 3000 og 5000 meter den siste tida, dei personlege bestenoteringane kryper stadig nedover.

– Persen på 5000 meter er på 21,21 frå Søfteland løpkarusell.

– På 3000 meter har ho pressa tida ned frå 15,23 i 2012 til 10,50 i 2013. Det er heilt utruleg.

– Hilde Eirin viser ei enorm vilje og treningslyst, fortel Eide.

Førsteplass gjekk til Christina M. Linde frå Varegg, som deltok i klassen 40-44 år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.