2. plass i fotballfesten
Os jenter 14 tok seg til finalen i Lagunen Fotballfest. Fleire gutelag gjorde det også bra.
Etter bronse i Sogndal og kvartfinaleplass i Norway Cup sto haustturneringa Lagunen Fotballfest no for tur for Os jenter 14.
Etter 1-0 over Åsane i semifinalen laurdag hadde jentene håpa på å endeleg gå heilt til topps, men sånn gjekk det ikkje.
Finalen mot Gneist blei jamn og spennande og det sto 0-0 til pause. Men eit stykke ut i 2. omgang tok Gneist leiinga 1-0 og stillinga sto seg kampen ut.
Bronse til tre gutelag
To gutelag frå Os og eitt frå Nore Neset/Søre Neset tok seg til semifinale i same cup.
• Os gutar 12 stilte i gutar 13-klassen og tok seg vidare i sitt første sluttspel, mot eitt år eldre gutar. Og sluttspelet starta bra med 4-2 over Brann. Så blei det 2-1-siger over Åsane før dei laurdag tapte for Sædalen. Dei unge osingane heldt Sædalen i éin omgang, men tapte 2-6.
• Nore Neset/Søre Neset gutar 14 tok seg vidare som nest best i pulja og slo Fana og Kvernbit før dei tapte 1-2 for Gneist i semifinalen.
• Os gutar 16 overbeviste då dei slo Sotra 4-0 i kvartfinalen. Semifinalen gjekk ikkje like bra.
– Vi hadde ikkje nok ro framfor mål, så vi fekk ikkje putta sjansane våre. I tillegg var det nok Fana som ville mest akkurat på laurdag, seier trenar Bjørn Mjelva.