Fotball | 02. juli 2023

2. plass mot 3. plass: Os snudde kampen etter pause

Hamna under to gongar, vann med to mål.

2. plass mot 3. plass: Os snudde kampen etter pause
Lukas Einarsen Olsen, her i førre heimekamp, utlikna to gongar for Os i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 02. juli 2023 20:03

Frigg - Os 2-4 (1-1)

Os på 3. plass spelte i dag borte mot Frigg på 2. plass.

Laga hadde like mange poeng før kampstart, og heimelaget såg ei stund ut til å bita seg fast på den nest beste tabellplasseringa.

Men Lukas Einarsen Olsen utlikna to gongar, med to fine skot frå utsida av 16-meteren, den første i 38. minutt, 2-2 i 75. minutt.

– Det var ein jamn kamp mot eit godt lag. Dei første tjue minutta av andre omgang fekk vi eit overtak, men utan å skåra, seier Os-trenar Endre Brenne.

– Eg hadde framleis trua på siger då dei skåra 2-1 i 67. minutt, men eg kunne ikkje rekna med at gutane mobiliserte så bra som dei gjorde.

Os pressa på etter tre poeng, og i 82. minutt heada Szymon Walczak inn 2-3 - midtstopparen sitt femte mål for sesongen.

Berre Daniel Kvalvågnes har skåra meir for Os i år. På overtid fekk Os straffe, og då sette Kvalvågnes inn sitt 11. mål på 12 kampar.

Os tok med det tilbake 2. plassen på tabellen, no med Frigg 3 poeng bak og Sandviken 5 poeng bak. Avstanden opp til Lysekloster er framleis 7 poeng.

Tabell og terminliste på fotball.no

Os speler dei to siste før ferien heime mot Grorud 2 og borte mot Ullern 2.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.