Fotball | 30. juni 2025

2 x Helland er gjest i Sleivkast denne veka

Denne veka har vi innspeling og publisering tysdag. To gjestar og éin kamp er årsaka.

2 x Helland er gjest i Sleivkast denne veka
Eivind Fauske Helland, her i kamp mot Lysekloster for Brann 2 i fjor, skal i samtalar med Davy og Lars i morgon. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 30. juni 2025 19:07

Denne veka har vi innspeling og publisering av Sleivkast på ein tysdag, ikkje måndag, som elles.

Årsaka er at Brann speler (mot Sandefjord) i dag – og gjest denne veka er Eivind Fauske Helland.

– Brann sitt supertalent har toppa lista over ønskegjestar lenge, seier programleiar Davy Wathne.

Eivind har følgd faren Roger sine fotspor inn i A-stallen til Brann. Både far og son kjem til Sleivkast-studio tysdag.

– Eivind er spådd ei lysande karriere som internasjonal fotballproff. Han er ein lågmælt og beskjeden gut som aldri slår om seg med kjekkasuttaler eller store ord. Eg er spent på å høyra kva han tenker om framtida, seier Davy og ramsar opp:

– Drøymer han om seriegull med Brann eller Champions League med Bayern München, Liverpool eller Barcelona?

Epsiden kan du sjå på Midtsiden tysdag kveld og høyra på Spotify og andre podkast-kanalar onsdag.

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.