Kultur | 22. apr. 2009

2 x Mæland

Lars Skorpen er involvert i to bøker som kjem ut i år, éi om kunstnaren Arne Mæland og éi om flygaren Arne Mæland.

2 x Mæland
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. apr. 2009 09:49

Nei, det er ikkje kunstnaren Arne Mæland som har fått luft under vengjene, men det spennande livet til ein namnebror frå Tysnes, som Skorpen har samla mellom to permar. I tillegg til tekst i bildebok om kunstnaren.

- Flygaren Arne har hatt heile verda som tumleplass. Med min bakgrunn frå flymiljøet, og kjennskap til Arne frå tidlegare, var det naturleg for meg å ta på meg oppgåva då familien og venane hans kom med ideen om bok, seier forfattaren.
I haust var han kome langt med prosjektet, og blei då spurt om å skriva tekst til ei bok om ein annan Arne Mæland, kunstnaren frå Os.

Eventyr i Etiopia
Som nyutdanna flygar måtte Arne Mæland i 1975 brått pakka sekken og koma seg til Etiopia. Han hadde fått jobb hos svensken Carl Gustav von Rosen, som hadde ansvar for å fly mat for Kirkens Nødhjelp til katastrofeområde i landet.

- Dette var hans første jobb som flygar, og han flaug 300 timar med naudhjelp denne hausten. Då han kom heim i 2004 hadde han vore til saman 30 år meir eller mindre samanhengande på oppdrag i ulike eksotiske land.

I boka har Skorpen laga fleire krydderdryss, som han kallar dei, faktaboksane med informasjon om landa Mæland jobba i, og den politiske situasjonen før og no. Også von Rosen, som blei ein mentor for Mæland, finn du igjen i fleire separate tekstar gjennom boka.

Kvardagskommunikasjon
Det er om lag 40 år sidan Lars møtte flygaren Arne for første gong. Han oppdaga tidleg at det var noko spesielt med tysnesingen.

- Han er flink til å kommunisera og har ein veldig fin måte å koma i kontakt med andre på. Med frodig og rikt språk sender han av garde dei rette orda til rett tid. Dette har vore til stor hjelp dei to åra vi har jobba med boka, og heilt sikkert noko som Arne sjølv har hatt nytte av alle desse åra han har reist rundt om i verda.

På turane til Tysnes har Lars hatt med seg Rolv Bjørø, «sjuandefar i helikopterhuset», som rådgjevar og muntrasjonsråd.

Kunstnaren Arne Mæland
Kunstnaren Arne Mæland er nok betre kjent for osingane enn flygaren. Også Skorpen kjenner kunstnaren godt, etter fleire år med Nore Neset skule som felles arbeidsplass.

- Arne kjem ofte utom skulen for å slå av ein prat. Ein dag i fjor kom han til meg og spurte om eg ville ta eit oppdrag, fortel Lars.

Ei bildebok av fotograf Vidar Langeland, som fortel om kunstnarkarrieren til Mæland, er i produksjon. Geir Keys har skrive engelsk tekst, no ville kunstnaren ha norsk versjon skrive av nokon som kjenner han godt.

- Keys har skrive steikande gode engelske tekstar. Mine tekstar er inspirert av både hans tekst og dei flotte bilda. Eg har ikkje mykje erfaring med lyrisk prosa, men dette var eit fint avbrekk frå den andre boka, og kjekt å vera med på, synes forfattaren.

• Les meir om boka om kunstnaren Arne Mæland

Blyant, viskelêr og gode hjelparar
Lars Skorpen brukar sjeldan pc på jobb, og slett ikkje når han dyrkar hobbyen sin. Då er det kladdebok, blyant og viskelêr.

- Eg saknar Bernt Kristiansen. Då han døydde i haust mista eg både ein god ven og ein utruleg støttespelar til mine bokprosjekt. Eg kunne levera ein bunke med kladd til Bernt, så kom boka ut i andre enden, fortel Lars om multikunstnaren Bernt.

Men Skorpen har fått nye, gode hjelparar. Jon Øyvind Tøsdal skriv effektiv tekstane inn digitalt, og tidlegare BT-redaktør, Kjartan Rødland, visste kven han skulle anbefala då Lars ringte og sa han trengte ein erstattar for Bernt på det grafiske arbeidet. Knut Arne Olsen produserer boka om flygaren, som kjem i hyllene i september. Boka om kunstnaren Arne Mæland kjem ut i juni, og skal seljast i fleire land.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.