Lokal | 01. okt. 2019

20 år med helsestasjon for ungdom

HFU serverte kake og resultat av eigen-evaluering.

20 år med helsestasjon for ungdom
Marita Wallevik, leiar for førebyggande tenester, delte ut kake då 20-årsdagen i dag blei markert. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 01. okt. 2019 12:59

Bildeserie:

Dagmar Hilde har jobba ved helsestasjonen sidan opninga i 1999. (Foto: KVB)
Dagmar Hilde har jobba ved helsestasjonen sidan opninga i 1999. (Foto: KVB)
Kommunalsjef Line Rye gav 5000 kroner i gåvesjekk. (Foto: KVB)
Kommunalsjef Line Rye gav 5000 kroner i gåvesjekk. (Foto: KVB)
Helsestasjon for ungdom held til i 2. etasje i rådhuset. (Foto: KVB)
Helsestasjon for ungdom held til i 2. etasje i rådhuset. (Foto: KVB)
1 av 3

Helsestasjon for ungdom i Os hadde sin første opningsdag 7. september 1999. Førebyggande helseteneste markerte 20-årsdagen i dag, med noværande og framtidige samarbeidspartnarar invitert til kaffi og kake.

Tilbodet er utan timebestilling, gratis og open for alle frå 13 til 20 år.

Helsestasjon for ungdom er eit supplement til skulehelsetenesta og fastlegen. Forskjellen frå skulehelsetenesta er at den er open på ettermiddagen, at den også tar imot dei som ikkje er tilslutta ein skule og at på helsestasjonen for ungdom sit det òg ein lege.

I teneste for ungdomen - kvar veke i 20 år

Bemanninga er den same og opningstida er framleis den same, éin dag i veka, men no med plan om utviding til to. Oppslutnaden har variert, nokre dagar lang kø, andre dagar mindre. Men det har nærmast aldri vore ein dag utan besøk.

– Bakgrunnen for ordninga var den gamle abortlova. Unge jenter fekk både hjelp til å søkja om abort, og generell informasjon om seksualitet, fortalte leiande helsesjukepleiar, Dagmar Hilde.

– Først kom det helsestasjon for ungdom i dei store byane, så blei det lovpålagt for kvar kommune.

Ho har jobba på helsestasjonen frå første dag.

– Vi har som oftast 2 til 10 innom her per dag. Fleirtalet er framleis jenter, gutane kan nok bli litt flinkare til å koma og få informasjon eller be om hjelp, seier ho.

Skal flytta

Kommunalsjef Line Rye hadde med seg ein gåvesjekk på 5000 kroner til helsestasjonen, og sa at ho både ser på tiltaket som viktig, og at ho gler seg over å sjå resultat av evauleringa, og korleis dei tilsette ser på framtida.

Helsestasjonen for ungdom held til i andre etasje i Os rådhus, men skal flytta til eit lokale i tilknyting til Ung Arena i Os Aktiv. Der får dei truleg auka opningstid, ei dobling til to dagar i veka.

Evalueringsrapporten

I rapporten skriv helsestasjon for ungdom dette:

Vi hadde med oss ungdommar til å planlegge starten, og vi har hatt dei med i evalueringsrunder etter 10 og 20 år. Resultatet av siste evaluering er utgangspunktet for framlegg til endringar:

Opningstider: Det er eit samstemt ønske om utvida opningstid på HFU. HFU bør ha ope to dagar for veka og ikkje vere stengt heile sommaren. Om den kan halde ope i juni og august, er det god hjelp. Vi ser på om vi kan samle saman ressursar til utvida opningstid. Då må vi ha fleire helsesjukepleiarar/jordmødrer å spele på. Vi vil truleg ikkje klare å ha lege 2 dagar for veka, men ungdommane ønskjer likevel utvida opningstid.

Innhald: HFU er eit alternativ til fastlegen og skal ikkje erstattast av fastlegen. Ungdommane har same grunngjeving for dette i dag som dei hadde for 20 år sidan. Fastlegen er familien sin lege og det er lang ventetid for å få time. HFU er meir aktuell for ungdommane enn det vi som jobbar i kommunen er klar over. Dei har mange spørsmål som dei treng å snakke med ein fagperson om. Det faglege innhaldet i tenesta er kontinuerleg i endring, det føl nasjonale retningsliner.

Plassering: HFU held til i andre etasje på Rådhuset . Det er sentralt og greitt, men anonymt for dei som skal møte der første gongen. Det hender at folk går igjen fordi dei ikkje finn fram, og nokon kan kvi seg på å spørje. Dette må vi som jobbar i avdelinga ordne så godt vi kan.

Planlegginga av Ung Arena har gått parallelt med evalueringa av HFU. Det blir no jobba med å lage plass til HFU der, noko som ungdommane er positive til.

Samarbeid: Det må jobbast vidare med informasjon om HFU. Faste samarbeidsmøte mellom HFU og elevrådsrepresentantar 2 gongar for året er eitt tiltak. Dette framlegget er tatt opp med leiinga i Førebyggande helseteneste og rektorane ved ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane. Alt er ikkje klart enno, men dei svara vi har fått til denne tid har vore positive.

Oppsummert, vi avrundar dei første 20 åra og ser vidare framover, dette jobbar vi for å få til:

• Systematisk samarbeid med ungdommane

• Flytting til Ung Arena

• Styrking av bemanninga i HFU

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.