Annlaug Tysseland (t.h.) var som ordførar med på å vedta forprosjektet. Ho var blant gjestane då Oselvarverkstaden i går feira 20 år. (Foto: KVB)

20 år sidan oselvaren blei redda

– Det var i tolvte time. Utan realisering av Oselvarverkstaden ville det berre vore éin igjen som kan bygga båten.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fredag var det merkering med kake og besøk på Oselvarverkstaden. Både kultursjef og ordførarar frå 90-talet var blant gjestane.

– Vi kunne ha venta med markering til 25-årsjubileet, men når du er 80 år så tenkjer du litt annleis (Brekke fyller 80 neste år). Vi veit ikkje kva åra bringer, det kan vera greit å få gjennomført ulike ting mens vi framleis tenkjer klart, seier professor Nils Georg Brekke.

Oselvarverkstaden tildelt Olavsrosa (2016)

Han var både initiativtakar og talar på markeringa av at Oselvarverkstaden no er 20 år.

Initiativet kom ikkje berre fordi det var rund dag, men fordi han, saman med tidlegare ordførar Geirmund Dyrdal, har sett tilbake fleire år for å fortelja heile bakgrunnen for at båtbyggarfaget, med bygging og drift av Oselvarverkstaden, blei sikra.

Båtbyggarfaget ved Oselvarverkstaden listeført hos Unesco (2016)

– Det var i samband med utanlandsk besøk at eg blei spurd om ikkje vi hadde ein tekst på engelsk som fortalde om heile prosessen med å prioritera å verna og vidarebringa denne båtbyggar-kunnskapen. Om du berre skal ta ting på hugs, kan du med åra byrja å rota litt med kronologien. Derfor held eg no på å festa desse historia på papiret. Geirmund Dyrdal har tatt djupdykk i Os kommune sitt fjernarkiv, så vi får årstal, rekkefølgjer og formelle vedtak rett notert.

Her er nokre årstal:

1990 Strandstaden Os og Oselvarverkstaden i programmet for Prosjekt Vestkyst i Hordaland fylkeskommune.

1990 Presentasjon for Os kulturstyre. Fagleg arbeidsgruppe m.a. med Babben Roll i Bergen Husflidslag og båtbyggjar Harald Dalland.

1991 Presentasjon for Os formannskap.

1991 Prosjektplan for Strandstaden Os ved ABO

1992 Interimsstyre for Strandstaden Os. Utkast til teikningar for Oselvarverkstaden ved Stig Nord.

1993 Styringsgruppe for Strandstaden Os. Os kommunestyre 7.12.1993.

1994 Forprosjekt for Oselvarverkstaden. Os kulturstyre 12.12.1994 og Os formannskap 10.01.1995.

1996 Bygging av Oselvarverkstaden. Os kommunestyre 26.03.1996.

1997 Ferdigstilling av Oselvarverkstaden, med dei første lærlingane.

Tidlegare ordførar Ole Haakon Lunde hadde ikkje høve til å stilla i går, men det hadde dei to neste ordførarane som var del av prosessen med å få Oselvarverstaden realisert, Annlaug Tysseland (1994-1995) og Geirmund Dyrdal (1995-1999).

Tysseland var ordførar då forprosjektet blei vedtatt, Dyrdal då han, med si dobbelstemme avgjorde vedtak om midlar, 2,6 millionar kroner, til bygging av Oselvarverkstaden.

– Det var brei semje om at Oselvarverkstaden skulle realiserast, men det var eit alternativt framlegg til vedtak, med noko redusert kostnad, som var lagt fram. Det ville kome verkstad anten eg brukte dobbelstemma mi eller ikkje, seier Dyrdal.

Blant gjestane var òg Ingebjørg Astrup, som var kultursjf i Os på 90-talet, og Erik Vangsnes, som den gong var kollega.

– Dette prosjektet blei eit hjartebarn for oss, vi blei veldig glade då vedtaket blei fatta, seier Ingebjørg.

Berre éin båtbyggar igjen

Brekke gjekk òg endå lengre tilbake i tid. Båtbyggarfaget var i ferd med å døy ut på 70-talet, men Babben Roll frå Bergen Husflidslag tok initiativ til eit kurs i bygging av oselvar.

Karl Søvik og Jon Askvik sto for undervisninga, men då Askvik døydde før første kurset var ferdig, tok eleven Harald Dalland over, med god hjelp av Nils og Ola Drange, Timann og Otto Askvik.

– Då Oselvarverkstaden sto ferdig var det berre Harald Dalland og Nils Olav Solbakken som hadde oselvarbygging til yrke. No er Dalland gått bort, og Nils Olav er jobbar som fiskar. Utan Oselvarverstaden, med alle som no er lærde opp og som bygger båtar kvar dag, hadde denne kunnskapen no vore tapt, seier Nils Georg.

Frå Japan for å filma det typisk norske

Han fortalde òg om då eit japansk TV-team, i forkant av OL på Lillehammer (1994), besøkte Noreg og kontakta Brekke for å spørja om han kunne skaffa dei eit vikingskip.

– Det kunne eg jo ikkje, og i så fall veit eg ikkje om eg ville vist det til dei. Men eg fekk overtalt dei til å bli med meg på Dalland sin verkstad på Tysnes.

– Dei var veldig skeptiske, men i det dei kom inn på verkstaden, omkransa av dufta av spon, og Dallan heldt på å spenna opp ein båt, blei dei heilt ville. Dei filma i timesvis og trudde dei nærma seg slutten, då regissøren endeleg ville lytta på det eg ville seia om alnestaven.

– Då han forsto at denne staven var heile bruksanvisinga på oselvaren, blei det filming nokre timar til, der Dalland blei kommandert til å ta mål etter mål mens dei gjorde opptak, fortel Nils Georg Brekke.

Ny sjef

I førre veke fortalde Oselvarverkstaden om omorganisering og ny sjef.

Vidar Langeland overtar 1. januar som ny dagleg leiar.

Berit Osmundsen vil, på eige initiativ, tilbake til det praktiske arbeidet, og blir fagleg leiar på verkstaden.

– Med oppgåvene eg fekk som dagleg leiar fekk eg ikkje nok tid til det som er faget mitt. Vidar har gjort ein god jobb på kontoret i 50 prosent stilling, og går opp i 60 prosent når egno går på golvet igjen, seier Berit.

– Eg gav meg sjølv eitt år til å prøva det å vera dagleg leiar, og det fungerte bra på verkstaden mens eg hadde ei ny rolle. Eg vil likevel tilbake til utelukkande å konsentrera meg om faget mitt, og ta del i opplæringsarbeidet av nye båtbyggarar.

– Det er nok ikkje andre sjefsbåtbyggarar i Noreg som er kvinne. Truleg ikkje i Europa heller, skyt Nils Georg Brekke inn.

Fleire saker