Lokal | 13. mai 2013

20. gong rundt Lysøen

Ole Bull Museum, Lysøens venner og Lysekloster idrettslag inviterer igjen til den populære turmarsjen Lysøen Rundt.

20. gong rundt Lysøen
Lysøen Rundt 2012 (Foto: Andris Hamre)
Kari M. Lyssandmandag 13. mai 2013 11:32

Den 4. kilometer lange turen i Ole Bull sitt rike er etter kvart blitt ein av Hordalands største, og 19. mai kan ein igjen ta turskoa på og bli med på tur.

For store og små

Løypa går gjennom dei flotte omgjevnadane på Lysøen og passer for både born og vaksne.

I 2012 var det 736 deltakarar som gjekk frå villaen og nordover på øya, via Lysevågen og Lysevatnet, oppom tårnet og tilbake til villaen.

- Folk koste seg rett og slett i finvêret, fortalte avdelingsdirektør Berit Høgheim om turmarsjen i fjor.

Det vil bli konkurranse undervegs på turen, og Museet Lysøen, Ole Bulls Villa, held ope for omvising.

For at alle skal komma seg til Lysøen rundt vil skyssbåten gå kontinuerlig mellom Lysøen og Buena kai så lenge marsjen pågår.

Les om Lysøen Rundt 2012: Øya rundt i finvêret

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.