Willgohs stiller ut 20 nye maleri
Vernissasje på Vedholmen Galleri i dag.
Vedholmen Galleri byr i dag på opning av separatutstillinga «Malerier» av Jan Erik Willgohs.
Willgohs stilte sist ut på Vedhommen Galleri i 2019, og har med seg 20 ferske verk.
«Det behøves en sterk tilstedeværelse i starten, i oppbyggingen av bildet, og en god historie eller et godt motiv som springbrett» seier Willgohs i invitasjonen.
Saman med «Malerier» stiller galleriet ut eit stort utval av nytt arbeid av galleriet sine eigne kunstnarar, Vibeke Harild og Peter Marron.
Vernissasjen kan bli flytta ut på kaien, om det held seg tørt og varmt ute.
Cellist Ragnhild Sannes speler på opninga.
Ho tok mastergrad på Barratt Due Musikkinsititutt i Oslo med Bjørn Solum (solocellist i Oslo Filharmoniske Orkester) som lærar, og er ein aktiv musikar med base i Bergen og Oslo.
Hennar siste prosjekt inkluderer Sarah Chaksad Strings (Basel), Vonnegut Collective (Manchester), Trio Turmo (Oslo) og fleire innspelingar, blant anna på LAWO med ny musikk av Knut Vaage og Ketil Hvoslef. Under pandemien har Ragnhild starta eit eige Online Cello Academy som no har elevar frå heile verda.