Korona | 29. mai 2021

21 elevar og 5 tilsette i Øyane må i karantene

Elev har fått påvist smitte.

21 elevar og 5 tilsette i Øyane må i karantene
Søre Øyane barneskule. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 29. mai 2021 10:56

Ein elev på 6. trinn ved Søre Øyane barneskule har fått påvist covid-19.

Det er 21 elevar på trinnet. Alle desse er å rekna som nærkontaktar og må saman med 5 tilsette i karantene.

Husstandmedlemmar av desse elevane og tilsette må i ventekarantene til elevane har testa negativt på første test.

Helsepersonell frå kommunen vil ta kontakt i løpet av dagen for meir informasjon og rettleiing.

– Det er ikkje mistanke om spreiing til andre klassetrinn, så dei andre elevane møter som normalt på skulen måndag, opplyser kommunen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.