25 år med biljard
Frå brakkebygg på Haugsneset, via Handlegården, til sportsbar i Os Næringspark – i haust er det 25 år sidan Os Biljardsalong blei etablert.


Bildeserie:
Biljard, snooker, dart, storskjerm og pub – Os Biljard & Sportsbar har det du ventar å finna, også miljøet med talentfulle biljardspelarar og engasjerte fotballentusiastar. Men i løpet av 25 år har det veksla mellom kva som har vore viktigaste kundegruppe for Hans Olav Sundøy.
− Vi har fostra tre noregsmeistrar i biljard og hatt over 100 juniormedlemmar i klubben. Og vi har hatt gode automatinntekter. Men i dag er nok sportsbaren den viktigaste delen av drifta, seier Sundøy.
Heile den første veka i november blir jubileumet markert med biljardprisar frå 1984.
− Då håpar eg gamle og nye medlemmar tar turen innom og slår eit slag. Fredagen og laurdagen blir det jubileumsfest for vaksne, seier Hans Olav.
Starta i Bergen
Hans Olav Sundøy jobba som kokk i Nordsjøen då han byrja å spela biljard i Bergen. På den tida var han ikkje medlem i klubb eller aktiv i konkurransar, men på fritida jobba han litt med montering i automat- og biljardbedriftene til Bjørn Hanevik.
− Det var vel han som fekk meg inn på tanken om å starta salong på Os. Nokre demobrakker bak Irisfabrikken eigna seg, så hausten 1984 opna eg med fem biljardbord, fortel Hans Olav.
I noregstoppen
I 1989 flytta han salongen til Handlegården, i lokalet der pizzarestauranten Capri no held til. Samstundes sa han opp jobben sin som offshore-kokk.
− Med flyttinga auka salongen frå 130 til 220 kvadratmeter. Plasseringa var ideell og aktiviteten høg, folk ringte for å bestilla bord, eller sto i kø for å spela. Det same året blei osingen Reidar Rundsveen juniornoregsmeister i biljard.
Sundøy blei sjølv noregsmeister for senior i 2001/2002- og i 2005/2006-sesongen, siste gong blei også osingen Daniel Skaathun juniornoregsmeister. Mona Bergstø er med sin bronse førebels einaste biljardjente frå Os med NM-medalje.
− Eg trur Os Biljardsalong er den einaste 25 år gamle salongen i Noreg, seier innehavaren.
Frå spel til sportsbar
Då husleiga i Handlegården blei meir enn dobla byrja Sundøy å sjå seg om etter nytt lokale. I tredje etasje, på nordsida av Os Næringspark, fekk han det som han ville.
− Vi utvida til sportsbar med skjenkeløyve og storskjerm. Eg fekk også eige rom til speleautomatar, og til golfsimulatoren eg investerte i medan vi var på Osøyro.
Golfsimulatoren var ikkje nok i drift til at det lønte seg å ha den ståande. Automatane gav derimot gode inntekter til både salongen og Os Biljardklubb, men dei blei som kjent fjerna frå den norske marknaden for to år sidan.
− Sjølv om vi har hatt eigen avdeling for klubben, vekke frå fotballpuben og dei andre biljardborda, har også støtta frå kulturkontoret fordufta. Årsaka var at det blei servert alkohol i same etasje. Det er synd for ein klubb som har dyrka fram så mange gode utøvarar.
Sosial suksess
Idrettstilskodarar har det godt på «Sundøys». Ein tysdag kveld kan det vera livlaust i store delar av Os, men på sportsbaren sit det gjerne over 100 og tar seg ein halvliter medan dei ser fotballkamp på storskjerm.
− Champions League og Premier League er saman med Brann-kampane dei mest populære. Når kampane ikkje går på opne kanalar blir det sjølvsagt ekstra folksamt i baren, men det er uansett ein del som synes det er kjekt å sjå kampar saman med andre supportarar.
Det er også det sosiale som har gjort at biljardspelaren har heldt ut i 25 år.
− Du treff mange i ein slik jobb, og det å bli kjent med så mange forskjellige osingar, anten dei kjem innom for å spela eit slag biljard, ta seg ein kopp kaffi eller sjå ein kamp, er det som har gjort det interessant frå år til år.
− Og det blir nokre år til?
− Ja, det blir det. Sjølv om eg av og til saknar å ha meir fritid, så trivst eg framleis godt i jobben, seier Hans Olav Sundøy.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.